Hopp til innhold

Sp-politikar kalla MDG eit menneskefiendtleg parti – no angrar han

Geir Pollestad (Sp) sin karakteristikk av MDG vekkar sterke reaksjonar frå fleire hald. No tar han sjølvkritikk på ordbruken.

Muntlig spørretime på Stortinget

Geir Pollestad får kraftig kritikk frå andre parti etter sine ord om MDG på Facebook. No tek han sjølvkritikk.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Eg formulerte meg nok litt feil. Eg burde ha skrive at dei har ein menneskefiendtleg politikk. Ikkje at dei er eit menneskefiendtleg parti, seier Geir Pollestad (Sp)

I dag la regjeringa fram ei krisepakke til norske husstandar, som frå og med neste faktura får eit frådrag på straumrekninga.

Der kom det fram at dei vil ta halvparten av det som overstig ein spotpris på 70 øre kilowattimar, skal staten dekka.

Etterpå har regjeringa blitt skulda for å jukse med tal.

Venstre og SV meiner pakka ser lovande ut, medan blant anna Rødt og Høyre meiner det kjem for seint.

MDG er ikkje like nøgde. I eit intervju med E24 seier stortingsrepresentant Rasmus Hansson at Støres opplegg øydelegg klima- og miljøtiltaka i energipolitikken ved å stimulera til framleis høg straumbruk.

Han seier dei ville ha hatt ei permanent ordning, kor ekstraoverskotet staten tener på kraft, blir sendt tilbake til alle nordmenn.

Geir Pollestad, kommentar om MDG

I eit Facebook-innlegg kjem parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet med denne karakteristikken av MDG.

Foto: Skjermdump Facebook

– Eit menneskefiendtleg parti

Dette får parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet Geir Pollestad, til å slenga ut ei melding på Facebook, som har falle i dårleg smak sjå fleire.

– «Det er viktig å få på plass ei ordning som avhjelper dei høge straumprisane for folk i desember-mars. Når MDG er i mot og Høyre meier det kjem for seint, er det gode teikn. MDG er rett og slett eit menneskefiendtleg parti og kritikk derfrå er gull verdt», skriv jærbuen på Facebook

I skrivande stund har innlegget 171 kommentarar på Facebook.

Eivind Trædal, bystyremedlem for MDG i Oslo, er ein av dei som kommenterer.

«Kva slags retorikk er dette, er me i MDG menneskefiendtlege fordi me foreslår at folk får støtte direkte i form av pengar, i staden for å subsidiere høgt straumforbruk?», skriv han.

Eivind Trædal på MDGs valgvake i Oslo

MdGs Eivind Trædal lurar på kva slags retorikk det er Pollestad brukar.

Foto: Adrian Nielsen / NRK

Bør halde seg for god for dette

Leiar i Unge Sentrum, Simen Bondevik, spør Pollestad om kva slags måte det er å omtala eit anna politisk parti på.

– «Det burde du halde deg for god for og i staden fokusere på å diskutere sjølve saka», skriv han i kommentarfeltet.

Rasmus Hansson krev at Pollestad forklarar kvifor han brukar dei orda, og tidlegare Natur og ungdom-leiar Gaute Eiterjord kallar det for eit «Listhaugnivå».

Pollestad meiner at han og MDG stort sett er ueinige i absolutt alle saker, men erkjenner at han nok burde ha brukt andre ord i dette innlegget på Facebook.

– Det tok heilt av. Eg såg at MDG reagerte på straumpakken som me kom med, og eg meiner dei ikkje har nok forståing for kor viktig det er å handla raskt her. Eg burde nok ikkje ha brukt dei orda, seier Pollestad til NRK.

Eivind Trædal om Pollestad sitt innlegg på Facebook
Foto: Skjermdump fra Facebook

– Folk må ikkje bli så krenka

– Men burde ikkje dykk stortingspolitikarar no forsøke å bli einige om ein krisepakke for straum, i staden for å bruke tida på å krangle i sosiale medium?

– Me har lagt fram sak og innhald, og jo, det aller viktigaste no er at me får behandla det i Stortinget, seier han.

Han seier at han no vil tenke seg litt om neste gong, men vil ikkje ha det til at han har lagt seg på eit «Listhaugnivå».

– Eg ligg på mitt nivå. Så får det berre vere slik. Folk må ikkje bli så krenka, så skal ikkje eg bli det heller, seier Pollestad.