Bakgrunnen for saka er at banken offentleggjorde innsideinformasjon om tap på kundeengasjementet for seint.
Børsnoterte selskap har informasjonsplikt som inneber at selskapet ubedd og med ein gong skal offentleggjere innsideinformasjon som direkte angår selskapet.
Vedtaket kan klagast på til Børsklagenemnda innan to veker.
Som følgje av gebyret trekkjer Harald Espedal seg frå styra i Oslo Børs ASA og Oslo Børs VPS Holding ASA. Espedal er styreleiar i Sandnes Sparebank.
– Eg står for dei vurderingar Sandnes Sparebank har gjort undervegs i denne prosessen, men synest ikkje det er rett å fortsette i styret på Oslo Børs når eit selskap eg er styreleiar i får eit lovbrotsgebyr, seier Espedal.