Hopp til innhold

Gebyr får folk til å velja vekk piggdekk

Piggdekkgebyr har fått ned piggdekkbruken i både Bergen og Oslo. I Stavanger ser gebyret ut til å ha ein effekt alt før det er innført.

Jørgen Moldt

Dagleg leiar ved Stavanger dekksenter, Jørgen Moldt, merkar godt konsekvensane av piggdekkgebyret i Stavanger. – Salet av piggdekk er bortimot null, seier han.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Salet av piggdekk er bortimot null. Me sel ingenting, slår dagleg leiar ved Stavanger dekksenter, Jørgen Moldt, fast.

Arbeidsfolket på dekksenteret er travelt opptatt med sesongens dekkskift. I ein normalsesong er piggdekksalet her på 20 prosent.

I år er det derimot piggfritt som gjeld for dei aller, aller fleste. Kanskje ikkje så rart når Stavanger, som fjerde by i landet, innfører piggdekkgebyr frå onsdag 1. november (sjå faktaboks).

Det var i april 2016 bystyret stemte for å søka samtykke frå Vegdirektoratet om å innføra piggdekkavgift. Det endelege vedtaket blei gjort i februar i år.

– Mange spør om dei skal betala piggdekkavgifta og gå for piggdekk eller ei. Dei fleste vel å kvitta seg med piggdekka, og heller kjøpa nye piggfrie, seier Moldt.

10 prosent har betalt

Jane Nilsen Aalhus

Miljøvernsjef i Stavanger, Jane Nilsen Aalhus.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Til nå har 350 bilistar med såkalla lette køyretøy betalt piggdekkgebyret i Stavanger (1400 kroner for ein sesong for vanlege personbilar). Det utgjer om lag 10 prosent av det Stavanger kommune ventar å få inn på ordninga.

Miljøvernsjef Jane Nilsen Aalhus fortel at folk har mange spørsmål om piggdekkgebyret.

– Folk lurer blant anna på om du må betala dersom du berre skal køyra gjennom Stavanger. Reglane fortel at det er Stavanger kommune sine grenser som gjeld for kven som må betala, forklarer Aalhus.

Mål om 90 prosent piggfridel

Det er utfordringar med luftkvaliteten som er bakgrunnen for piggdekkgebyret i Stavanger.

Erfaringane frå Oslo og Bergen, som har hatt piggdekkgebyr ei stund, viser at gebyret får ein effekt på piggdekkbruken. Oslo har i dag ein piggfridel på 88 prosent, mens Bergen har 87. I Stavanger viser dei siste tala frå Vegdirektoratet, før ordninga er innført, ein piggfridel på 74 prosent.

– Målet vårt nå er ein piggfridel på 85–90 prosent i Stavanger, seier Aalhus.

Miljøvernsjefen meiner dei har laga eit effektivt betalingssystem, og viser til at du kan betala gebyret både via appar, nettsider og med Vipps (sjå faktaboks).

– I tillegg kan du betala på åtte forskjellige bensinstasjonar som ligg både innføre og utanfor Stavanger sine bygrenser. For reglane er slik at du skal betala før du køyrer inn i Stavanger.

– Køyr piggfritt

Er du framleis usikker på om du skal velja dekk med eller utan piggar, er rådet frå Stavanger dekksenter klart i snøfattige Stavanger.

– Mitt råd er å køyra piggfritt fordi då slepp du avgifter. Eg er ikkje i tvil om det.

– Sjølv dei som ofte skal til fjells?

– Dei som ofte skal på fjellet må vurdera om dei treng piggdekk for å komma seg heilt opp, eller om dei faktisk klarer seg med piggfrie dekk.