NRK Meny
Normal

Gav «parkeringsbøter» med ein liten vri

Du veit den kjensla når du ser den gule lappen under vindusviskaren på bilen? Ja, nettopp den kjensla. Då er det kjekt at det av og til er det stikk motsette av det du trur!

Parkeringsvakt Hanne Haugen

BOT? Nei, kaffi bollar og bilvask.

Foto: Thomas Halleland / NRK

I Haugesund sentrum har Haugesund parkering no starta ein kampanje som i eit par sekund truleg vil vekka harme blant bilistane, før grimasen går over i eit stort smil. For i staden for at du må betala bot, kan den gule lappen bety at du får kaffi, bollar og bilvask.

– Skal me sjå. No skal eg legge ein ny lapp på ein annan bil. Den Volvoen der var jo litt skitten ...

Parkeringsvakt Hanne Haugen er ute på jobb. Men no er det ikkje ei bot ho skal skriva ut.

Gevinst, ikkje bot
Foto: Thomas Halleland / NRK

– Dette er ein liten gevinst på kaffi, ein bolle og bilvask. Det er ei hyggjeleg oppmuntring til dei som vel å parkera hjå oss, seier ho.

– Kvifor gjer de dette?

– Det er vår, og folk tenkjer kanskje på å vaska bilen. Og så likar me å vera snille, ikkje berre slemme.

Parkeringsvakt Hanne Haugen

– KJEKT Å VERA SNILL: Parkeringsvakt Hanne Haugen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Nei, for det er jo ofte ikkje i positiv forstand parkeringsselskap blir omtalt?

– Nei, men i det siste har me fått tilbakemeldingar på at me gjer ein god jobb, og då har me lyst å vera litt snille tilbake, seier Haugen.

På taket på Markedet i Haugesund har Ingvild Nortveit oppdaga «bota» på bilen sin.

– Det står gevinst! Kaffi, bolle og vask. Det er jo kjempebra!

– Frykta du at det var ei bot?

– Eg frykta eigentleg ikkje bot, for eg visste at eg hadde betalt, så eg var ikkje så redd. Men det er eit glimrande stunt, heilt topp, smiler ho.

Ingvild Nortveit

SMILTE: Ingvild Nortveit smilte då ho såg kva det eigentleg var som låg på frontruta.

Foto: Thomas Halleland / NRK