Hopp til innhold

Gatekunst kan bli måla over

Kunstverket på kjøpesenterveggen i Stavanger kan bli måla over når Steen & Strøm skal pussa opp fasaden. Synd sidan folk har blitt glade i bilete seier Nuart-sjef Martyn Reed.

Nuart

Mange stoppar opp for å sjå på dette bilete av New York kunstnaren Logan Hicks, i den travle Hospitalsgata i Stavanger sentrum.

Foto: Anett Johansen Espedal / NRK

  • Sei meininga di nedst i artikkelen.

Då Martyn Reed, festivalsjef for Nuart, som står bak gatekunsten, såg at kjøpesenteret var under oppussing gjekk han bort til arbeidarane for å slå av ein prat:

– Eg spurte dei kva dei skulle gjera der kor bilete er, og då svara dei at dei skulle måla over det, seier ein halvredd Reed.

Meininga med gatekunst

Det var under fjorårets Nuart-festival i Stavanger at fleire gatekunstnarar dekorerte ulike delar av Stavanger sentrum.

– Meininga med gatekunst er ikkje at det skal vera der permanent i 100-år, men at den også skal forsvinna. Men med dette bilete er det nesten eit unntak, seier Reed.

Han kan fortelja at kunstverket som er malt på kjøpesenterveggen aleine har fått meir respons frå folk i Stavanger enn dei andre gatekunstverka til saman. Og mange har også engasjert seg i ei facebookgruppe for å behalda måleriet av Hicks:

– Me har ingen eigedomsrett over denne veggen, men folk kjenner nok ein eigedomsrett til bybilete, og kunstverket har blitt ein del av bybilete.

Arkaden kjøpesenter

Slik såg kjøpesenterveggen ut før bilete av Logan Hicks kom opp.

Foto: Street view / Google

Vil bli bestemt i løpet av veka

Senterleiar på kjøpesenteret, Hilde Kringlebotn, kan fortelja til NRK.no at dei i løpet av veka tek ei avgjersle på om måleriet får bli eller ikkje:

– Når me utfører vedlikehald på bygget er det viktig for oss at me tar alt, men viss murarfirmaet meiner at muren bak bilete er i bra nok stand, så ønskjer me å ha bilete.

Då senterleiinga for over eitt år sidan tillot Nuart å bruka denne veggen stod det i kontrakta at bilete måtte få bli i minimum ein månad.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

(du kan også seia meininga di nedst i artikkelen)

La frå seg handleposane

Reeds trekk fram ei spesiell historie for å understreka korleis heilt vanlege folk tar innover seg kunststykket i den travle gata.

– Eg såg ein gong ei mor med tre barn. Eit i banevogn og to smårollingar som sprang rundt. Mora var travel, og i tillegg til barnevogna hadde ho handleposar i hendene. Men då dei såg bilete på kjøpesenteret stoppa dei alle opp og såg på det. Mora sette endå til frå seg handleposane, seier Reed som nesten blei rørt av det han såg.

Han seier at det er nett det som er målet med gatekunst. Derfor meiner han at det ville vera synd å fjerna det mest effektfulle gatekunststykke Stavanger har.