Hopp til innhold

Her eksploderer ei flaske oksygen

Flasker med oksygen og acetylen gjekk i lufta då brannvesenet øvde på kva dei skal gjera når gass byrjar å brenne.

Øving med gassflasker i Sokndal.

– Den flaug rundt 150 meter trur eg, det var mektig, seier varabrannsjef i Sokndal, Dagfinn Mydland.

Ei oksygenflaske som stod i brann, har nettopp eksplodert. Ei stor sky av flammar brer seg utover.

– Det viser at det er livsfarleg å stå for nærme når ei gassflaske står i brann, seier Mydland.

Dagfinn Mydland

Varabrannsjef i Sokndal, Dagfinn Mydland, var med på øvinga i dag.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

På Titania i Sokndal i dag arrangerte Rogaland brannbefalslag, i samarbeid med Sokndal brannkorps, øving og seminar i handtering av gassflasker i brann.

– Det som er heile hensikta med denne øvinga er å vise kva som kan skje om ein ikkje tek sine forholdsreglar, seier sekretær i Rogaland brannbefalslag, Per Ivar Aniksdal.

Gjennom kurset skal brannmenn få betre kjennskap til gassen sine eigenskapar og tiltak for å unngå ein eksplosjon.

Per Ivar Aniksdal

Sekretær i Rogaland brannbefalslag, Per Ivar Aniksdal.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Det kan vera tiltak som kjøling, seier Aniksdal.

Gassflasker blir oppbevart overalt

Både oksygenflasker og acetylen-flasker vart tent på og eksploderte under demonstrasjonen. Og slike gassflasker finst mange stader.

– Du finn dei på sveiseverkstadar, i bedrifter, heime i garasjen hos folk som har eit sveiseapparat, så dei kan i utgangspunktet vera overalt, seier Aniksdal.

– Det er også ein av hovudgrunnane til at gass er tema for dette kurset, seier han.

Brannøving i Sokndal

Mange brannmenn var samla til øving i Sokndal i dag.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Må ha ein plan

Øvinga var for brannmenn, men for vanlege folk er det også viktig å veta om risikoen ved å oppbevare slike flasker.

– Dei må plasserast på ein stad der det er lite brennbart. Og så må ein ha ein plan for kva ein skal gjera viss det tar fyr, og korleis ein kan få flaska lett ut. Helst bør flaska plasserast nærme ei dør, seier han.