NRK Meny

Gasslekkasje på ny Statoil-plattform

Den nye Gina Krog-plattforma til Statoil opplevde gasslekkasje to dagar etter produksjonen starta fredag. Det bekreftar Petroleumstilsynet til NRK. Hovudredningssentralen blei varsla og personalet blei gjort klart for evakuering sundag kveld. Situasjonen skal ifølgje Ptil ha kome raskt under kontroll, så evakueringa blei kansellert etter kort tid.