Laurdag kveld møtte Tina Bru, stortingskandidat for Høgre i Rogaland, opp på ein garasjefest på Ganddal i Sandnes.
Tina Bru fekk spørsmål om både elbilar, olje- og gassframtida i Rogaland og om innvandring.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKHo hadde gitt beskjed på si eiga Facebook-side at ho gjerne ville bli invitert heim til folk, for å kunne snakka om politikk nå i valkampen.
- Les også:
– Eg tenkte eg ville prøve noko nytt i år, å bruke meir tid til samtale med folk, seier ho.
Derfor kan det vera god bruk av tid
Men kva er det som får ein travel stortingskandidat til å bruke to timar ein laurdag kveld, på å møte ni middelaldrande menn?
Magnus Hoem Iversen, stipendiat i medievitskap ved Universitetet i Bergen, meiner at sosiale media lurer i bakgrunnen, når politikarar vil snakka grundig med veljarane.
Foto: Sigrid Haaland– Det er fordi ho kan vise fram det som skjedde i garasjen, til eit mykje større publikum, på for eksempel sosiale media, seier Magnus Hoem Iversen, stipendiat i medievitskap ved Universitetet i Bergen.
- Les også:
Dersom for eksempel fire av dei ni, som var til stades, legg hendinga ut på si Facebookside, og at kvar av dei har 300 følgarar, så er det plutseleg 1200 menneske som får vita om dette.
– Då får Tina Bru visa at ho ikkje er ein folkefjern maktpolitikar, men derimot ein politikar som er i stand til å føre ein vanleg samtale med vanlege folk, seier Hoem Iversen.
Hyggeleg kveld i garasjen
Arve Oftedal stod for invitasjonen til garasjevalmøte, både til åtte vener og til Tina Bru.
Arve Oftedal inviterte både vener og Tina Bru til garasjefest.
Foto: Ingvald Nordmark / NRK– Eg såg på Facebook at ho oppfordra andre til å invitera ho heim. Då tenkte eg at det passa glimrande, seier han, som er klar på at han er ein stor entusiast av partiet Høgre.
Dei ni middelaldrande mennene hadde mange spørsmål å stilla, viste det seg. Dei handla mykje om kva Tina Bru meinte om olje- og gassindustrien, men også om elbilar, innvandring og byråkrati og skjemavelde.
Nå er det valkamp
Festdeltakarane sette pris på både møtet med Tina Bru og på sjansen til å diskutera politikk. Det var berre gode signal derfrå etter to timar kombinert fest og valkamp.
Stipendiat Magnus Hoem Iversen trekk heller ikkje Tina Bru sitt ønskje om å snakka politikk med vanlege folk i tvil.
- Les også:
– Jo, me må rekna med at dette også kjem frå eit personleg engasjement. Ho hadde det sikkert veldig kjekt i den garasjen, seier han.
– Men eg trur ikkje ho ville ha gjort det om ho ikkje også kunne vist det til eit større publikum etterpå. Det ville i så tilfelle vore veldig rar bruk av tid, avsluttar Hoem Iversen.