Hopp til innhold

Brannvesenet ber folk halde seg unna skogsområde og sjøkanten

Seks garasjar i Godalen i Stavanger har blåst av grunnmuren. Brannvesenet er no ute og sikrar fleire bygningar som er truga av stormen.

Garasjer kollapsa
Foto: Anders Fehn / NRK

– Det ser ganske herja ut, seier Kari Thime. Ho er nabo og kan sjå rett bort på garasjane som no er tekne av vinden i Godalen i Stavanger.

– Brannvesenet er på staden og sikrar området. Delar av taket har blåst ut i vegen. Brannvesenet har difor stengt vegen for trafikk. Bussar og bilar kan ikkje køyre forbi, seier Thime.

Garasjeanlegg i Godalen i Stavanger blir blese overende

Eit garasjeanlegg i Godalen i Stavanger har blitt blåse over ende, onsdag ettermiddag.

Foto: Anders Fehn / NRK

SISTE:

I Idrettsveien på Hana i Sandnes fører takpanner som har losna i vinden til at brannvesenet vurderar å stengje av området. Brannvernet er og på eit liknande oppdrag i Solsletteveien på Auglend i Stavanger.

– Vi vil oppfordre folk til ikkje å gå i skogsområde der det er store, høge tre som kan knekke. Det kan vere farleg å ferdast der no med så sterk vind. Folk bør og halde seg unna svaberga ute ved sjøen, seier vaktsjef Svein Otto Kristiansen i brannvesenet i Sør-Rogaland.

Ber folk halde seg inne

– Det kan sjå ut som at det er ein garasjeport som har stått open, og så har vinden fått tak, og så har taket blitt reve av og veggane blåst vekk, seier innsatsleiar i Rogaland politidistrikt, Vidar Olsen.

Les også: Brannvesenet ber folk halde seg inne

Les også: Haakon mistet hustaket i vinden

Politiet har sperra av Østre ring i Storhaug bydel i Stavanger, der som garasjeanlegget står.

Dei har også teke kontakt med dei som bur i nærleiken og bedt dei om å halda seg inne.

– Det kjem nok til å gå ei stund før dette er rydda opp. Og me vil ikkje opne vegen heller, fordi det er ein del lause gjenstandar som me fryktar kan treffe folk eller bilar, seier Olsen.

Handverkarar er på plassen for å berga det som ennå står oppe.

Trær saget ned ved Hillevågsvannet

Ved Hillevågsvatnet i Stavanger har fleire tre blir sagde ned. Årsaka er at det var fare for at trea kunne velte over bygningar i nærleiken.

Foto: Erik Sergio Auklend / NRK

Sikra fleire bygningar

I Jåtta i Stavanger er det ved firetida onsdag ettermiddag sett opp sperringar rundt ei bustadblokk. Både tak- og veggplater held på å losne, ingen av bebuarane er evakuerte, men det er sett i gong sikringsarbeid.

Brannvesenet har også rykka ut til ein bygning på Tasta. Der er det fare for at takplatene blir tekne av vinden.

Les også: Nord-Norge blir nyttårsaftens værvinner

Ved Hillevågsvatnet i Stavanger har fleire tre blir sagde ned. Årsaka er at det var fare for at trea kunne velte over bygningar i nærleiken.

Skapar problem fleire stadar

Det er ikkje berre i Godalen at vinden har gjort skade. På Godeset på Forus er brannvesenet og handverkarar på plass ved eit bustadhus for å sikre taket.

Laust tak på Godeset

Det blir no jobba med å sikra takrennene på eit hus på Forus.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Beslaget på takrennene held på å losne. Me sikrar no dei for å forhindre at resten av taket blåser av, fortel Geir Sivertsen, prosjektleiar i Kapp entreprenør.

I Nevlandsheia i Gjesdal blir det også jobba med å sikre taket på ein driftsbygnad.