Hopp til innhold

Går mot slutten på dagpengane for fleire

Nav er uroa over at gruppa som nærmar seg slutten på dagpengane aukar i Rogaland. Omlag 1500 arbeidsledige i fylket har berre eit halvt år eller mindre igjen av dagpengeperioden, viser tal frå Nav.

Arbeidsledig jente søker jobb

Nav merkar at gruppa som nærmar seg slutten på dagpengane aukar i Rogaland. Dei lovar nå å bruka meir av sine ressursar for å få denne gruppa i jobb.

Foto: Randi Elise Midtskog / NRK

– Det er kjedeleg og slitsamt å ikkje ha jobb.

Det seier ein av dei arbeidsledige NRK møter på Mulighetsterminalen i Stavanger, møteplassen for arbeidssøkarar i regionen.

Den unge mannen ønskjer ikkje å stå fram med namnet sitt på internett, men fortel ope om livet utan fast jobb å gå til.

I dag jobbar han deltid nokre timar i veka og får dagpengar. Men slik stønad kan han makimalt få i to år (sjå faktaboks). Det gjer det ekstra viktig å komma ut i jobb.

– Derfor sit eg ein del her på Mulighetsterminalen og søker jobbar og snakkar med konsulentane som hjelper meg med søknadane. Det er til god hjelp. I tillegg har eg tatt jobbsøkarkurs.

Fleire nærmar seg dagpenge-slutt

Stig Tore Veland

Leiar for Nav Eiganes og Tasta, Stig Tore Veland.

Foto: Magnus Stokka

Den unge arbeidssøkande er blant 10 408 rogalendingar som mottar dagpengar. Dette inkluderer heilt ledige, delvis ledige og personar på arbeidsretta tiltak.

Av desse har 1489 personar berre seks månader eller mindre igjen av dagpengeperioden, viser tal frå Nav. Det bekymrar leiar for Nav Eiganes og Tasta, Stig Tore Veland.

– Der er klart me bekymrar oss for denne utviklinga og me merkar auken i denne gruppa godt. Me må retta meir av våre ressursar mot desse.

– På kva måte då?

– Me må vera tettare på. Det handlar om å gi informasjon om ledige stillingar både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er viktig for oss å visa kor det er sjansar for jobb og kor viktig det er å ikkje låsa seg innanfor berre ein bransje.

Jobbsøkinga tar seg opp

Ifølge Nav-leiaren er det vanskeleg å måla om fleire får jobb når dei nærmar seg to-årsgrensa for dagpengar. Men jobbsøkinga tar seg opp og nye jobbalternativ blir gjerne vurdert. Dette for å unngå dei økonomiske konsekvensane overgangen til sosialhjelp gir.

– For den enkelte vil overgangen føra til lågare inntekter, samtidig blir det auka utgifter for den enkelte kommune.

– Er kommunane førebudde på det?

– Dette er lovbestemte ytingar og me må vudera kvar søknad om sosialhjelp individuelt. Har ein rett på slik støtte, kan me ikkje seia nei.

Ikkje alle får sosialhjelp

Nav-leiaren understrekar at det ikkje er nokon automatikk i at folk får sosialhjelp når dagpengeperioden på to år er over.

– Her er det store variasjonar i forhold til kvar enkelt sin situasjon, men det er rettleiande satsar for dette. Alle kan uansett ikkje rekna med å få sosialhjelp.

Nav ser alt nå at dei betaler ut meir sosialstønad i år enn i fjor.