Hopp til innhold

Går mot rettsak om tunnellstein

Lagring av steinmassar frå den undersjøiske Rogfasttunnellen i Rogaland, kan enda opp i ei prinsippiell viktig rettsak.

Utfyllingsplan i Mekjarvik med masse frå Rogfasttunnellen

Steinmasse frå Rogfasttunnellane skal fyllast ut i sjøen i Mekjarvik i Randaberg kommune.

Foto: Statens vegvesen

Det handlar om kollossale mengder stein, som skal lagrast i ei fylling i sjøen på Mekjarvik i Randaberg kommune.

Statens Vegvesen sitt undersjøiske vegprosjekt, Rogfast-tunnellen, skal laga fyllinga med stein frå tunnellane. Nå vil Vegvesenet også ha eigedomsretten over fyllinga.

Tor Geir Espedal

Tor Geir Espedal er prosjektleiar for Rogfast-tunnellane. Han vil ha eigedomsretten til lagringsplassen for tunnellsteinen.

Foto: Statens vegvesen

– Den skal gjerast om til eit næringsområde som kan ha ein verdi på fleire hundre millionar kroner, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal.

– Dette er veldig spesielt, Og det er ekstra spesielt sidan Randaberg kommune har gitt frå seg eigedommen heilt gratis til Statens Vegvesen, seier rådmann i Randaberg, Magne Fjell.

Kommunen er grunneigar

Dette utspelet frå Vegvesenet, stiller rådmann Magne Fjell i Randaberg seg undrande til.

Magne Fjell

Rådmannen i Randaberg, Magne Fjell, hevdar at steinfyllinga i sjøen ved Mekjarvik, er kommunen sin eigedom.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Dette området er Randaberg kommune sin eigedom og det er ingen juridisk sedvane for at staten skal koma inn og overta dette området, etter at utfyllinga er ferdig, seier Fjell.

Går mot rettsak

Dei to er usamde både om storleiken på området og om kven som skal vera eigar etter at utfyllinga er ferdig.

Rådmann Magne Fjell viser til jussen og kva som tidlegare er gjort i liknande saker. Prosjektleiar Tor Geir Espedal, tar for sin del parti for bilistane.

Utfyllingsområdet der masser frå Rogfasttunnellene skal lagres i sjøen ved Mekjarvik

Utfyllingsområdet ligg ikkje så langt frå der ferja til Kvitsøy går, på Mekjarvik.

Foto: Statens Vegvesen

– Me vil ha noko igjen for arbeidet med å klargjere og stelle til fyllinga, og dette beløpet vil gå tilbake til Rogfast-prosjektet og redusere bompengetakstane, seier Espedal.

Forhandlingar pågår

Formannskapet i Randaberg har behandla saka og gått inn for å starte samtalar med Statens Vegvesen om deira krav.

Kva som blir resultatet av diskusjonen er ennå ukjent, men leiar i Rogfastprosjektet, Tor Geir Espedal, er klar på at dei foreløpig er usamde så det held.

– Primært ønskjer me ein balansert avtale mellom Randaberg kommune, grunneigarar og Rogfast-prosjektet. der prosjektet får dekka utgifter til å etablere denne fyllinga, seier han.

Espedal og Vegvesenet forslår deretter å dela gevinsten av eit tomtesal på det utfylte området, med Randaberg kommune.

– Men dette har me då ikkje fått med oss grunneigarane på. Dei vil sitja med gevinsten sjølve, slår Espedal fast.