Hopp til innhold

Går mot rekordår for medisinmangel: – Urovekkande

Så langt i år er det registrert 1258 legemiddel ein ikkje får tak i. No ynsker myndigheitene grep som kan nyttast i krisetilfelle.

Trond Maurseth i Apotek 1 ser på den roterande medisinhylla bak skranken inne på Apotek 1 i Haugesund sentrum.

Trond Maurseth fortel at det for augeblikket er mangel på fem-seks legemiddel som skapar bry for dei tilsette i Apotek 1 Haugesund.

Foto: Håkon Mannsåker / NRK

– Det er berre å ta ein tilfeldig kikk i hylla, så finn ein medisinar som manglar, seier Trond Maurseth, farmasøyt og dagleg leiar i eit apotek som ligg midt i Haugesund sentrum.

Medan han kikkar mot ein vegg som skulle vore full av legemiddel, vert han påminna om ei utfordring som stadig vert verre.

– Akkurat no er det fem-seks legemiddel som skapar bry for oss, seier Maurseth.

I 2008 mangla ein 34 legemiddel i Noreg. Så langt i år er det registrert 1258 legemiddel ein ikkje får tak i.

Og enno er det 2,5 månader igjen av året.

– Prognosane tyder på at det går mot eit nytt toppår for medisinmangel i Noreg, seier overlege Ingrid Aas i Statens legemiddelverk.

Overlege i Statens Legemiddelverk, Ingrid Aas meiner medisinmangelen er urovekkjande.

Overlege i Statens legemiddelverk, Ingrid Aas meiner medisinmangelen er urovekkjande.

Foto: Caroline Roka/ Statens Legemiddelverk

Førre toppår kom under pandemien, då det vart registrert 1391 mangelsaker i 2020.

– Det er urovekkande, seier Aas.

– Samstundes understrekar vi at dei aller fleste pasientane får den behandlinga dei treng.

Mange medisinar vert ikkje utlevert

I mai publiserte Apotekforeningen ei undersøking av medisinmangelen.

Undersøkinga bekreftar utsegna til legemiddelverket, og viser at om lag 97 prosent får medisinen som legen har skrive ut til pasienten sin.

Dersom ein bryt statistikken meir ned, sit ein igjen med eit lite tal på 0,7 prosent.

Det er talet på pasientar som går tomhendt frå apoteket, utan medisinane legen har skrive ut.

– Det er små prosentar, men utgjer mellom 170.000 og 400.000 reseptutleveringar i løpet av eitt år, seier fagdirektør Hanne Andresen i Apotekforeningen.

Hanne Andrese, fagdirektør i Apotekforeningen, står i svart skinnjakke i et apotek med varer i bakgrunnen.

Hanne Andresen meiner ein må sikre at legemiddelforsyninga i Noreg er robust.

Foto: Bo Hoffstrøm Slettjord / Kubrix

Etterlyser tiltak

I Apotekforeningen deler dei bekymringa til Statens legemiddelverk.

– Vi er urolege. Samstundes er ikkje dette berre eit problem i Noreg, men også i Europa og globalt, seier Andresen og held fram:

– Derfor må ein sette i verk tiltak for å sikre at legemiddelforsyninga i Noreg er robust og god.

No har Helse- og omsorgsdepartementet sendt eit forslag om innretning av eit legemiddelberedskapsråd på høyring.

– Der foreslår vi også å opprette eit nasjonalt beredskapsråd for legemiddel som Helsedirektoratet skal leie, seier statssekretær Karl Kristian Bekkeng i Helse- og omsorgsdepartementet.

Pressebilde av statssekretær Karl Kristian Bekeng.

Karl Kristian Bekeng er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: Esten Borgos / BORGOS FOTO AS

Pandemien viste myndigheitene at det er behov for faglege anbefalingar i krisesituasjonar.

– Dette vil vere ei av oppgåvene til beredskapsrådet for legemiddel, seier Bekkeng.

Diskusjon i Europa

I Noreg har vi fleire beredskapslager kor vi har lagra dei viktigaste legemidla.

Men desse er som regel kjøpt frå utlandet.

– Og det er jo denne marknaden som har vist seg å ikkje fungera heilt optimalt, og som skapar diskusjon om ein bør ha eigenproduksjon av dei viktigaste legemidla i Europa, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

Espen Nakstad

Espen Nakstad meiner legemiddelmarknaden ikkje fungerer optimalt.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

– Er de då trygge på at Noreg er sjølvforsynt med viktige legemiddel?

– Vi er aldri trygge på at vi er sjølvforsynt med alle medikamenta det er behov for i Noreg, seier Nakstad, og held fram:

– Situasjonen har vist at det alltid er mangel på medikament som det er behov for. Det ser ut som det vert vanskelegare og vanskelegare slik marknaden ser ut i dag.

Dette er årsakene til mangelen

Fram til 2020 hadde vi ein årleg dobling av mangelsaker på medisinar i Noreg.

Årsaka til auken er samansett. Men problem med produksjon og levering, i tillegg til meir sal enn forventa, er årsakene som går igjen.

– Det kan komme som følgje av råstoffmangel. Det kan også vere akutte skader eller utfordringar med eit produksjonsanlegg, seier Aas i Statens legemiddelverk.

Nokre av medisinane det har vore mangel på så langt i år er antidepressiva, p-piller, hostesaft, smertestillande og jodtablettar.

– Men det er aldri alt på ein gong, slår Maurseth fast.

Medisinmangel

Mange hyller har vore tomme for legemiddel så langt i år.

Foto: Håkon Mannsåker/NRK