Hopp til innhold

Går mot bortlegging av Tina-saka

Politiet finn truleg aldri ut kven som drap Tina Jørgensen i 2000. – Eg kan aldri slå meg til ro med dette, seier Torunn Ausdal Rasmussen, mor til Tina Jørgensen.

Tina Jørgensen

SØKTE UNDER BYBRUA: Biletet er tatt då politiet søkte etter spor under Bybrua i Stavanger.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

For åtte månader sidan tok politiet i Stavanger opp att etterforskinga av drapet på Tina Jørgensen, som skjedde for tretten år sidan. Nå skriv Stavanger Aftenblad at saka endå ein gong blir lagt vekk.

Dette stadfestar politiinspektør Ernst K. Rossebø i Rogaland politidistrikt til NRK.no.

– Det går mot at saka blir lagt vekk. Me har gjennomført etterforskinga, og gått gjennom det me har fått inn, seier Rossebø til NRK.no.

Torunn Austdal Rasmussen

MISTA DOTTERA: I år 2000 blei 20 år gamle Tina Jørgensen funnen drepen i ein kumme ved Bore kyrkje i Klepp. Dette snudde livet til mora, Torunn Ausdal Rasmussen, på hovudet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Etterforskinga har ikkje ført til at nokon har blitt mistenkt for drapet.

Lagt i ein kum

20 år gamle Tina Jørgensen kom aldri heim frå ein bytur i Stavanger laurdag 23. september. Seinare blei ho funnen drepen i ein kum ved Bore kyrkje i Klepp.

Kjærasten til Tina blei sikta og tiltalt sommaren 2002, men etter ordre frå riksadvokaten blei saken lagt bort litle julaftan same år. Årsaka var at politiet mangla bevis.

Tina Jørgensen blei truleg sist sett utanfor Burger King i Stavanger sentrum.

I den nye etterforskinga av saka etterlyste politiet ein mann som skal ha snakka med ho utanfor Burger King. Dei publiserte ein fantomteikninga av denne mannen. Utan at det har ført dei vidare fram i saka.

Sjølv om det går mot ny bortlegging av saka, er Rossebø glad for at dei har tatt opp saka att.

– Me legg i alle fall ikkje vekk ei sak der det finst opplysningar som burde vore sjekka nærmare.

– Kom som eit slag i ansiktet

Mor til Tina Jørgensen, Torunn Ausdal Rasmussen, fann ut at det gjekk mot bortlegging på dagen tretten år etter Tina Jørgensen blei drepen.

– Eg skulle på pårørandeseminar og ville oppdatera meg på etterforskinga. Då fekk eg vita at dei var i gang med sluttrapporten, og at det gjekk mot bortlegging, fortel ho til NRK.no.

Ho er lite nøgd med måten dette skjedde på.

– Det seier sitt at det er eg som måtte ta kontakt for å finna dette ut. Nå er eg frustrert og lei meg. Det er veldig vanskeleg å vera pårørande i ei slik sak, seier ho.

Likevel har ho tillit til etterforskingsarbeidet politiet har gjort.

– Eg har opplevd etterforskningsleiaren som fantastisk, og eg er ikkje i tvil om at dei har gjort ein grundig jobb.

– Kan du slå deg til ro med at mordaren truleg aldri blir teken?

– Nei, det blir heilt feil. Eg kan aldri slå meg til ro med dette, det er noko som vil følga meg heilt til grava, seier ho.

Saka om drapet på Tina Jørgensen blir forelda hausten 2025.