NRK Meny
Normal

Går for Våland med éi stemmes overvekt

Stavanger kommune tilrår at det nye sjukehuset i regionen skal byggjast på Våland. Éi einaste stemme var det som avgjorde etter ein lang og tett debatt.

Bystyret i Stavanger stemmer på sjukehusplassering

34 MOT 33: Det vart så jamt som det er mogleg å få det då bystyret i Stavanger stemte for sjukehusplassering.

Foto: Marianne Terjesen / NRK

Klokka 19.00 var resultatet klart, og det vart 34 stemmer for Våland og 33 stemmer for Ullandhaug.

Marit Hølland Paulsen i KrF var ein av spenningsmomenta før avstemminga.

– Eg har det bra med det. Eg visste ikkje på førehand at det vart slik. Etter gruppemøtet vårt enda eg opp på at Våland var det beste alternativet. Eg jobba sjølv på sjukehuset den gongen dei bygde ut første byggetrinn, og eg såg at det gjekk greitt, sjølv om det ikkje var så enkelt. Eg vil gjerne ha alt samla på Våland, og kollektivtrafikk og infrastruktur spelte også inn, seier ho.

Statsråden bestemmer til slutt

Stavanger universitetssykehus, Våland-alternativet

VÅLAND-ALTERNATIVET: Bystyret i Stavanger går for Våland, med éi stemmes overvekt.

Formannskapet i Stavanger gjekk før helga inn for Våland-alternativet med 12 mot 7 stemmer.

I fylkeskommunen går det mot at politikarane anbefalar Ullandhaug , etter at dette alternativet fekk klart fleirtal i fylkesutvalet i førre veke. Men Fylkesmannen vil ha sjukehuset på Våland .

I løpet av hausten tilrår Helse Stavanger og Helse Vest plasseringa av sjukehuset til åtte milliardar. Det er helseministeren som har siste ordet, men det skal mykje til om statsråden ikkje støttar det Helse Vest bestemmer seg for.

Tilrådinga frå Stavanger kommune blir likevel eit viktig innlegg i avgjersla som skal takast i framtida.

Dette er argumenta:

Det er Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti som har kjempa for nytt sjukehus på Ullandhaug. Motparten har støtta nytt sjukehus på Våland, der sjukehuset ligg i dag.

Dette er argumenta til dei to sidene:

Eirik Faret Sakariassen (SV), vil ha Våland:

  • Våland er det einaste alternativet som sørgjer for at den private biltrafikken ikkje aukar.
  • Ein rekk ikkje få på plass god nok kollektivtrafikk til Ullandhaug innan sjukehuset der vil stå klart.
  • Våland er nærmare sentrum og togstasjonen for alle som kjem utanbys frå med toget.
  • Det blir eit splitta fagmiljø, som kan gå utover tryggleiken til innbyggjarane i regionen.

Kjartan Alexander Lunde (V), vil ha Ullandhaug:

  • Me må planlegga i eit hundreårsperspektiv, at me gjer det best mogleg for næringslivet og for å skapa innovative miljø.
  • Det kjem til å bli ei storsatsing på kollektivtransport om sjukehuset kjem på Ullandhaug. Me vil ha skjenegåande kollektivtransport opp dit ...
  • ... og sjukehusplanane er ein viktig del av dei.
  • Eit heilt nytt sjukehus som me kan byggja i fred og ro vil vera mykje betre for pasientane.