Hopp til innhold

Gamle Viking-heltar vil ikkje ha kunstgras

Kunstgras og sal av Viking stadion er blant tiltaka som skal redda økonomien i Viking. Det får tidlegare Viking-heltar til å reagera.

Medlemsmøte Viking

Ikkje overraskande kom det reaksjonar på medlemsmøtet til Viking tysdag kveld.

Foto: Anders Fehn

Viking fotball er i pengetrøbbel og tysdag kveld var det medlemsmøte om situasjonen.

Klubben er 20 millionar kroner i manko på årets budsjett, skriv Aftenbladet. På dei siste åtte åra har klubben tapt 90 millionar, og nå føreslår styret ein redningsplan.

Kunstgras

Eirik W. Henningsen

Eirik W. Henningsen, administrerande direktør i Viking.

Foto: Anders Fehn

Omlegging frå natur- til kunstgras er eit av dei viktigaste elementa i denne planen.

– Me skal presentera planane våre om omlegging til kunstgras, og invitasjonen me har sendt til andre aktørar i regionen om å ta i bruk Viking stadion og vera med å etablera den til ei storstove for fotball, seier Eirik W. Henningsen, administrerande direktør i Viking, til NRK før møtet.

På litt lenger sikt har klubben planar om å invitera til eit samarbeid om eit toppidrettssenter i Jåttåvågen, fortel Henningsen.

Reagerer

Terje Nilsen

Tidlegare Viking-spelar Terje Nilsen.

Foto: Anders Fehn

På medlemsmøtet tysdag kveld kom det fleire kritiske reaksjonar frå tidlegare Viking-spelarar, blant dei Terje Nilsen. Han reagerer både på forslaget om å legga om til kunstgras og forslaget om å selja stadion.

– På Vestlandet skal me ha skikkeleg gras under føtene. For det andre; Viking stadion må aldri ut av hendene til Viking FK. Den må me behalda så lenge me kan.

– Men du forstår problema til klubben?

– Sjølvsagt er me i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Men dersom me begynner å spela fotball igjen og får tilbake igjen gutsen frå 70-åra, er det ikkje tvil om at folk vil komma tilbake igjen på stadion. Det er det mest vesentlege, ikkje å legga om til kunstgras. Me kan ha kunstgras på treningsbana, men ikkje på stadion.

Kunstgras hausten 2016

Viking-direktør Eirik W. Henningsen legg ikkje skjul på at det er usemje om vegen framover.

– Eg elskar engasjement. Det viktigaste er at folk bryr seg, så er det heilt openbart at me er ueinige om ting.

Henningsen legg til at det per dags dato ikkje er konkrete planar om å selja stadion, men planane om omlegging til kunstgras er godt i gang. Hausten 2016 blir det truleg lagt om til kunstgras på Viking stadion, ifølge direktøren.