Hopp til innhold

Fyllar bensin for Sandnes Ulf

Tysdag opna Sandnes Ulf si eiga bensinpumpe. Kort tid etter var dei første supporterane på plass for ein full tank.

Fyller bensin for Sandnes Ulf

Sandnes Ulf har fått si eiga bensinpumpe på Shell/Seven eleven i Vågsveien, Sandnes.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Med 3 øre på kvar liter satsar Shell/Seven eleven i Sandnes på at «Ulf-pumpa» vil dra inn ein plass mellom 20 og 30 tusen kroner årleg til dei lyseblå.

– Jo meir du fyller jo meir støttar du klubben. Og for dei som heiar på Viking, Bryne eller Randaberg har me pumper som ikkje er lyseblå, seier mannen bak ideen, Terje Fatland i Shell/Seven eleven.

Han legg til at dette er ein måte dei sponsar klubben på, og at bensinen derfor ikkje er dyrare på denne pumpa.

– Slår Viking med bensinpengar

Ein av dei første kundane som rulla inn på stasjonen etter opninga av den nye pumpa i føremiddag var ikkje i tvil om kvifor ei pumpe han skulle velja:

– Det er viktig å støtta opp om Sandnes Ulf. Det er eit lag som ein ikkje trudde skulle koma der dei er nå, derfor treng dei den hjelpa dei kan få, seier den ivrige supporteren Senad Demic.

Jan Magne Markusen

Jan Magne Markusen var den første Sandnes-supporteren som fylte bensin frå Ulf-pumpa.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Trur du desse bensinkronene kan hjelpa med det sportslege?

– Ja, det trur eg. Utan pengar kjem du ikkje langt, du må ha finansen i orden på eit så høgt nivå. Så eg bidreg nå til sigeren mot Viking som vil koma på måndag, seier optimisten og ler.

Fryktar ikkje overforbruk

Salssjef i Sandnes Ulf Arne Falk var ikkje i tvil om at dette var ein god idé då han fekk forslaget.

– Det er ein fest å få ei eiga bensinpumpe i byen, seier han medan han ser nye supporterar koma til for å fylla opp tanken.

– Du fryktar ikkje at dei mest ivrige supporterane nå vil råna rundt i byen berre for å få fylla tanken oftare?

– Eg trur ikkje det. Men til meir bensin dei bruker, jo betre er det, seier han.

Ti første kronene

Jan Magne Markusen, den aller første bensinkunden på den nye pumpa er ferdig med å fylla.

– Det blei 437 kroner for 30 liter, altså 10 kroner til Sandnes Ulf.

– Det er ein fin sum, og heilt sikkert verd det. Så får me håpa at det hjelper på måndag, seier Markusen og køyrer av garde i sin nytanka bil.