Fylket går for Ullandhaug-alternativet

Fleirtalspartia i fylket, Høgre, KrF og Framstegspartiet, vil ha nytt Universitetssjukehus på Ullandhaug. Det blei vedteke i fylkesutvalet tysdag.

Fremtidens stavanger universitetssykehus, Ullandhaug-alternativet

Fleirtalspartia i fylket vil plassera det nye sjukehuset på Ullandhaug, like ved Universitetet i Stavanger.

– Me meiner Ullandhaug er den beste plassen å plassera eit nytt sjukehus. Først og fremst for at ein her kjem raskare i gong og kan vera ferdig to-tre år tidlegare enn ved å velja dei andre alternativa. I tillegg trur me det er veldig bra å samlokalisera med Universitetet, seier fylkesordførar Janne Johnsen (H).

Rådmannen hadde innstilt på Våland for å ta omsyn til ei byutvikling utan bil, og fekk støtte frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Høgre: – Opptatt av redusera bilbruken

Janne Johnsen

Janne Johnsen (H) går for Ullandhaug-alternativet.-

Foto: Odd Rune Kyllingstad

Fleirtalspartia har altså lagt meir vekt på andre forhold.

– Me er også sjølvsagt opptatt av å redusera bilbruken og få til gode ordningar med kollektivtransport til og frå Ullandhaug. Mange av universitetsstudentane tar seg i dag fram med buss. Det håpar me mange pasientar og tilsette også vil gjera med eit nytt sjukehus på Ullandhaug, seier Johnsen.

Påtroppande fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) seier det avgjerande for KrF er pasienten sitt beste

– Me ønsker å gi eit klart svar på at Ullandhaug-alternativet er det beste, seier Tengesdal, som presiserer at løysingane som ligg i bompengepakken kan brukast anten ein vel Ullandhaug eller Våland.

Ap: – Våland bra for heile fylket

Simon Nesse

Simon Næsse (Ap) går for Våland-alternativet.

Arbeidarpartiet var altså blant partia som støtta rådmannen og Våland-alternativet. Ap sin gruppeleiar i fylket, Simon Næsse, seier dette alternativet er best med omsyn til nullvisjonen i transportvekst og god byutvikling.

– Dette er ei løysing som vil vera bra for Stavanger og heile fylket. Derfor ber me Helse Stavanger om å gjera ei vurdering om dei kan få sine løysingar møtt med Våland-alternativet.

Simon Næsse legg til at Ullandhaug-alternativet også er eit bra alternativ, men at Våland-alternativet er best av dei to.

– Det helsefaglege trur eg ville blitt løyst veldig bra begge plassar, og det er det me nå ber Helse Stavanger vurdera. Det viktigaste for oss i Arbeidarpartiet er pasientane sitt beste.