Hopp til innhold

Fylkesrådmannen vil flytte ein halv skule

Det blir færre elevar på vidaregåande skular i Rogaland dei neste åra. Nå vil fylkesrådmannen flytte halvparten av elevane frå Bergeland vidaregåande i Stavanger. Mange av dei kan bli plasserte på Sola.

To elevar ved Bergeland vgs i Stavanger

Ingebjørg Haughom og Arta Sallabegolli går begge tredje året på studiespesialisering på Bergeland. – Skulen bør få fortsetje, meiner dei.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Dei veit kva administrasjonen i fylkeskommunen foreslår, men både elevar og tilsette på Bergeland vidaregåande skule i Tanke Svilandsgate i Stavanger, vil kjempa for skulen sin.

Den har heilt spesielle kvalitetar, seier Ingebjørg Haughom, som går i tredje klasse, studiespesialisering.

– Lærarane er veldig nære elevane her. Dei sit i same kantina som elevane, og lærarromma har glasvegger og ligg nær klasseromma. Derfor er det lett å få tak i ein lærar når eg treng hjelp, fortel Haughom.

For få elevar

Det er lågare elevtal i Rogaland dei neste åra, som gjer at Bergeland vidaregåande, avdeling Tanke Svilandsgate, ligg utsett til. I tillegg held den til i leigde, og ikkje veldig gode, undervisingslokale.

Bergeland vgs, Tanke Svilandsgate i Stavanger

Det er avdelinga i Tanke Svilandsgate fylkesrådmannen vil leggje ned og flytte elevane til andre skular.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Fylkesrådmannen foreslår derfor å leggje ned skuleavdelinga og spreie elevane på andre vidaregåande skular. Sola vidaregåande skule blir omtalt som ein av dei.

Eigen kultur

Det er om lag 250 elevar med framandspråkleg bakgrunn som går her. Til saman 47 forskjellige morsmål er representerte, og karakternivået frå ungdomsskulen er lågt for mange av elevane.

Derfor innførte skulen konsekvenspedagogikk som arbeidsmåte for nokre år sidan, og det har gitt resultat, fortel Håkon Moldøen, som er tillitsvald for Utdanningsforbundet.

– Det kom opp heile seks klassar i norskeksamen i fjor. Av dei var det berre ein elev som strauk, seier Moldøen.

Rektor og to tillitsvalde på Bergeland vgs i Stavanger

Rektor Eiliv Jansen og dei to tillitsvalde frå Utdanningsforbundet, Herborg Løge og Håkon Moldøen, viser alle til at skulen oppnår gode resultat med elevar som har låge karakterar frå ungdomsskulen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ny pedagogikk

Det er slutt på at elevane får orden- og åtferdskarakterar på Bergeland. Skulen ser på lærarar og elevar som likeverdige.

– I staden legg me vekt på å forklara konsekvensen av handlingar som elevane gjer. Me grip tak i ting med det same og tar det opp gjennom samtalar, seier Herborg Løge, også ho er tillitsvald for Utdanningsforbundet.

Må vente i spaning

Det er politikarane i fylket som skal avgjere skjebnen til Bergeland, avdeling Tanke Svilandsgate.

Truleg blir dette klårt på Fylkestinget sitt møte i starten på desember.

Åpent grupperom på Bergeland vgs i Tanke Svilandsgate i Stavanger

Bergeland VGS i Tanke Svilandsgate er ein open skule. Både lærarrom og grupperom er opne for innsyn.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Arta Sallabegolli går også i tredje klasse på studiespesialisering. Ho veit at skulen har gjort ein forskjell for mange elevar, og ho meiner at skulen bør få fortsetje.

– Fleire som har slite på andre skular, har kome hit og opplevd at dei har fått det betre til, seier ho.