Hopp til innhold

Ulf endå nærmare ny stadion

– Eg må rosa Fylkesmannen. Det er ikkje ofte eg gjer det, men i dag var dei gode, seier varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli (Frp). Han var høgt oppe etter at Fylkesmannen sa ja til dei nye stadionplanane i Sandnes idrettspark.

Sandnes ulf scorer mot Ålesund

Sandnes Ulf nærmar seg ny heimebane (arkivfoto)

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Sandnes kommune og Fylkesmannen møttest i dag for å diskutera dei nye stadionplanane i Sandnes idrettspark. Planane har vore på vent ei stund fordi Fylkesmannen har hatt innvendingar på ein del område, blant anna:

  • at det er feil å byggja stadion i eit bustadområde
  • det bryt med samanhengande grønstruktur
  • det reduserer leikeområde for barn

Nøgd med løysinga

Men no har Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa snudd, og stadfestar at innvendingane mot å plassera den nye Sandnes stadion i Sandnes Idrettspark på Trones er trekt tilbake.

– Me føreset at Sandnes kommune varetek dei innvendingane me har hatt i den reguleringsplanen som no skal utarbeidast for området, seier Meltveit Kleppa til NRK, som har gjeve uttrykk for at ho er veldig nøgd med løysinga dei har kome fram til i samarbeid med kommunen.

Varaordførar Borgli seier at det skal bli eit nærmiljøanlegg.

Raskt avklart

– Eg må rosa Fylkesmannen, og det er ikkje ofte eg gjer det, men i dag var dei løysingsorienterte og dei høyrde på dei argumenta me hadde. Det var eit relativt møte der me avklarte dette veldig raskt. Det syner at det nyttar å prata saman, seier Borgli.

– Kor langt er ein kome med finansieringa?

– Det må Sandnes Ulf som klubb svara på. Kommunen har sagt at me skal vera med å bidra med det me kan bidra med, det vil seia tomt, leie og den type ting. Så får Ulf halda framdrifta på stadionprosjektet. Me har, som planmyndigheit, i dag teke eit langt, langt steg i retning ny bane. Det skal ikkje stå på oss! Eg trur dette løyser seg ganske raskt no, avsluttar han.

– Eit heiltheitleg prosjekt

– Det må gå rundt, dette her, og der jobbar me godt saman med kommunen og andre aktørar for å ordna finansiering, seier Tom Rune Espedal, dagleg leiar i Sandnes Ulf.

– No har me lagt ei utfordring bak oss, og me er veldig glade for at ordføraren og varaordføraren har gått foran og sagt at dette skal me få til. Me er veldig nøgde, seier han.

Han fortel at dei vil gjera alt dei kan for at den nye stadion skal passa inn i nærområdet.

– No må me jobba vidare med reguleringsplanen. Det er viktig for oss å leggja fram eit heilheitleg prosjekt som ivaretek born og unge. At den passar inn i området her, blant naboane her, og at den tek hensyn til støy og parkering, og syner at me vil vera ein del av nærmiljøet her.