NRK Meny
Normal

Trongt om plassen på sjukehuset – eldrebølgja kan vera ein årsak

Det er ikkje berre babyboom som gjer at det er trongt på Stavanger universitetssjukehus i sommar. Den generelle pasientauken har vore på heile ni prosent samanlikna med fjorårets sommar.

Stavanger Universitetssjukehus har ni prosent flere pasient-innleggelser i sommer sammenlignet med i fjor. Det betyr flere korridor-pasienter, og sykehuset må kalle inn ekstrabemanning.

VIDEO: Det er travelt for sjukepleiar Bergitte Todnem i sommar. Det er det også for dei andre sjukepleiarane ved Stavanger universitetssjukehus. Foto: Erik Waage/NRK.

Stein Tore Nilsen

Stein Tore Nilsen er fungerande direktør ved Stavanger universitetssjukehus.

Foto: Erik Waage / NRK

NRK treff fungerande sjukehusdirektør, Stein Tore Nilsen, i ein av gangane på urologisk avdeling ved Stavanger universitetssjukehus. Berre her har tre pasientar måtta ta til takke med sengeplass på gangen. Sjukepleiarane går travelt fram og tilbake. Direktøren fortel om ein hektisk sommar.

– Det har vore fleire innleggingar i år samanlikna med i fjor på denne tida. Auken har vore på ni prosent, mange av desse har blitt overvaka i mottaket, og anten sendt heim eller til andre institusjonar. På sengeavdelingane har auken vore på to til tre prosent i sommar, seier Stein Tore Nilsen, som er fungerande sjukehusdirektør ved Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Ikkje berre babyboom

I går fortalde NRK.no om svært mange fødslar ved stavangersjukehuset i sommar, men dette er ikkje einaste årsak til at det er mange pasientar.

Den største auken, har ifølgje direktøren vore på kirurgisk avdeling.

– Det er fleire grunnar til auken. Rogaland veks og me får fleire eldre. Når me får fleire eldre blir det meir krefttilfelle som me ikkje kan skyva på til over sommaren. Dette må me ta tak i og operera, seier han.

Saman med kreftoperasjonar, seier han at det er fleire trafikkulukker og andre ulukker, i tillegg til behandlingar med ein tidsfrist som snart går ut.

Stavanger universitetssjukehus

Stavanger universitetssjukehus er eitt av sjukehusa i landet som slit med korridorpasientar, seier Stein Tore Nilsen, som er fungerande sjukehusdirektør ved Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Foto: Erik Waage / NRK

Nøgd med gangen

Sjukehuset har måtta ta konsekvensen av pasientauken.

– Me planlegg nøye kvar sommar, og framleis har me kunna halda oss til planen, utanom ei auke på fem senger ved observasjonseininga på sjukehuset. Frå tid til anna må me også ha folk som kan jobba overtid og ta ekstravakter. Det er også ei lett auke i korridorpasientar, denne auken er ikkje dramatisk, fortel Nilsen.

Finn Madsgård

For Finn Madsgård går det fint å sova på gangen.

Foto: Erik Waage / NRK
Noralf Sverre Karlsen

Noralv Sverre Karlsen måtte først bu på gangen, nå har han fått sengeplass i eitt av romma.

Foto: Erik Waage / NRK

Ein av korridorpasientane me treff på er Finn Madsgård. Han tar det heilt med ro, sjølv om han må liggja på gangen.

– Det er heilt all right å liggja på gangen. Eg kom klokka tolv i natt på grunn av nyrestein, for meg er det trygt å berre vera her, sjølv om eg må liggja på gangen. Sjukepleiarane går stille om natta, så eg har ingenting å klaga på, seier Finn Madsgård.

Men trass den positivt innstilte pasienten, slår Nilsen fast at dette ikkje er ein ønska situasjon.

– Me er eitt av sjukehusa i landet som slit med korridorpasientar, men slik situasjonen er nå er det ingen dramatikk i det, seier han.

Ekstrajobbing for sjukepleiarane

– Det har vore ein veldig travel sommar, og eg er veldig glad for sjukepleiarane som verkeleg står på for å halda dette i gang, slik at pasientane våre får den service og behandlinga dei skal, seier Nilsen.

– Kva konsekvensar får det?

– Det er sjukepleiarane som kjenner dette på kroppen. Det blir litt overtid, men det blir gjort ein fantastisk jobb, som det er all grunn til å vera stolte av, seier han.

Sjukepleiarane sjølv seier at dei er vande med at somrane er travle.

– Det har vore travelt. Kvardagen blir travel med overtid, men dei tilsette gjer ein god jobb og står på for pasientane. For oss er sommar og ferietid alltid travelt.

– Går det ut over pasientane?

– Me håper ikkje det. Klart det er synd for dei som må liggja på gangen, men me prøver å få dei inn så fort som mogleg, seier Karen Helen Ringen.