Fullt på SUS

Leiinga på universitetssjukehuset oppfordrar fastlegar og legevakter til å vurdere nøye om dei skal leggje inn pasientar på sjukehuset, skriv Aftenbladet. Årsaka er at koronasmitte, RS-virus og stor pasientpågang generelt, gjer at sjukehuset nå er fyllt opp. I tillegg er situasjonen vanskeleg på grunn av mange sjukemelde tilsette.

Stavanger universitetssjukehus
Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK