NRK Meny
Normal

Fullt fortent 4-2 siger til Viking

Viking forlengar VM-festen i Stavanger.

Vikings Tomasz Sokolowski i kamp med LSKs Marius Myklebust.
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX


Viking var tydeleg inspirert av sambataktene ifra Vågen og starta 1. omgang med høgt tempo, og pressa Lillestrøm langt tilbake på banen.

Siddisane fekk utteljing av dette presset etter 12 minutt, da Birkir Bjarnason headar inn cornaren ifrå Alexander Ødegaard.

Etter skåringa følgjer ein litt rolegare periode, men med klar Viking-dominanse.

2-0 målet etter 36 min er nesten ein kopi av 1-0 skåringa, berre at det er Håkon Skogseid som ekspederer cornaren i mål. Viking går til pause med ei fullt fortent 2-0 leiing.

Etter berre 1 spelt minutt i andre omgang headar Arild Sundgot inn eit mål for Lillestrøm.

Lillestrøm held presset oppe eit stykke ut i andre omgang. Men etter 76 minutt slår Viking til med eit angrep tatt ut av læreboka. Fillo kjem etter godt spel ned til dødlinja og legg 45 grader ut. Der står Birkir Bjarnason åleine, og plasserer ballen kontrollert inn i lengste hjørnet bak ein sjanselaus Otto Fredrikson.

Like etter kjem ei frisparkperle frå Bjørn Helge Riise, og som igjen gir spenning i kampen. Det står 3-2 til Viking.

Etter klarering frå Lillestrøm i 89. minutt, får Thomasz Sokolowski draumetreff frå omkring 20 meter, og set ballen knallhardt i mål via Fredriksons venstre stolperot.

Kampen endar fullt fortent 4-2 til Viking.