Hopp til innhold

Så mykje brukbart elutstyr kastar me

Meir enn halvparten av alle flatskjermar, lamper og tastatur som går i søppelet er fullt brukbare viser ei ny undersøking. Her får du den fulle oversikta.

Øyvind Midtbø

EIN AV TO FUNGERER: Stikksaga er øydelagt, men støvsugaren fungerer heilt fint. – Me har fått oss sentralstøvsugar, seier Øyvind Midtbø etter å ha kasta begge elartiklane på gjenvinningsstasjonen.

Foto: Anders Fehn / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Det er trist å sjå kor mykje me bruker og kastar, seier Aurora Tjelflaat frå avfallsselskapet IVAR sin gjenvinningsstasjon på Sandnes.

Aurora Tjelflaat har gjennomført undersøkinga

Ifølgje Aurora Tjelflaat er det mange kundar som har blitt flaue når ho har kome for å sjekka tilstanden på det dei kastar.

Foto: Anders Fehn / NRK

Dei siste to vekene har dei sjekka tilstanden på 2000 elektriske artiklar som har blitt kasta her. Ei undersøking som ifølgje avfallsselskapet er den første av sitt slag her i landet. Resultatet syner at 42 prosent av alle elartiklane som blei kasta fungerte heilt fint.

– Det kjem inn spesielt mange TV-skjermar som fungerer. Årsaka til at dei blir kasta er at folk ofte vil ha det nyaste og beste som kjem inn på marknaden, seier ho.

Som ein kan sjå i tabellen under så sit det lengst inne å kasta ein vaskemaskin som fungerer, medan dei fleste PC-tastatur som blir kasta fungerer heilt fint.

Få heile oversikten her

Produkter

Prosent brukbare

PC-tastatur

67%

PC-TV-skjermer

56%

Lamper

51%

Høyttalere

46%

Printere

44%

Frysebokser

43%

Komfyrer

41%

Ovner

40%

Stereo

38%

Kjøleskap

37%

Oppvaskmaskiner

31%

Støvsugere

27%

Vaskemaskiner

20%

Ekspander/minimer faktaboks

– Gjenbruken må opp

– Resultatet syner at gjenbrukspotensialet er stort når det kjem til elartiklar, seier Tord Tjelflaat, assisterande avdelingsleiar hos IVAR.

I dag er det ikkje meir enn 1,6 prosent elartiklar som blir brukt på ny i Noreg.

– Dette er for lite. Når styresmaktene seier at gjenbruk skal prioriterast så må me få på plass tiltak, seier Tjelflaat.

Han meiner at ein til dømes må inngå avtalar med bedrifter som ønsker å reparera og selja vidare brukte elartiklar. I tillegg til å få på plass fleire byttebuer, slik dei har på stasjonen sin i Sandnes. Her kan folk plukka gratis med seg det som kjem inn, og då NRK var på besøk tok det ikkje meir enn 50 sekund før ein flatskjerm hadde skifta eigar (sjå video).

Det tek ikkje lang tid før ein flatskjerm får ny eigar i byttebua i Sandnes.

Sjå kor lang tid det tek før ein flatskjerm har fått ny eigar i byttebua i Sandnes. Dette syner at interessa for gjenbruk for elartiklar absolutt er til stades.

Byttebua ikkje med i undersøkinga

Ifølgje Tord Tjelflaat kastar nok nordmenn nærmare 50 prosent brukbare elartiklar, sidan det som kjem inn til byttebua ikkje blei registrert.

Dei er nå i gang med eit arbeid der dei ønsker å finna ut kva type artiklar det er som oftast hamnar i byttebua og mengda dette utgjer.

Tord Tjelflaat og Jan Arild Rasmussen

Tord Tjelflaat (t.v.) meiner at me er alt for dårlege på gjenbruk i Noreg.

Foto: Anders Fehn / NRK