NRK Meny
Normal

– Dårleg rehabilitering i stappfullt fengsel

Ifølge norsk lov skal kriminelle rehabiliterast attende til samfunnet. Det er det ikkje tid og ressursar til her, meiner Rune, som sit fengsla på Jæren.

fengsel

Rune sit aleine på cella si 24 timar i døgnet. Han meiner fengselsbetjentane gjer ein god jobb, men ønsker at dei hadde meir tid.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Nå er me på veg inn til dei som sit isolert, seier fengselsbetjent Glenn Bjorheim, og låser oss inn på avdelinga si, ved Åna fengsel på Jæren.

Her er det stappfullt. Som i resten av landet.

– Det betyr at eg må prioritera hardt, og det går ut over dei innsette at eg ikkje får tid til kvar enkelt, seier Bjorheim.

Historiske tal

Norske fengsel har aldri vore så overfylte som nå, viser tal frå Kriminalomsorgsdirektoratet.

fengsel

Fengselsbetjent Glenn Bjorheim, og fenselsleiar Ingeir Klemetsrud har svært travle dagar på jobb.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Hittil i år har fengsla hatt ein gjennomsnittleg kapasitetsutnytting på 98,1 prosent, det høgaste talet nokosinne, skriv Bergens Tidende.

Det betyr lengre soningskøar, færre varetekstplassar, og kriminelle som blir lauslatne grunna plassmangel.

Det betyr òg hardare dagar for dei som sit i fengsel – og dei som arbeider der.

Lite tid til rehabiliterande arbeid

– Eg vil anslå eit snitt på eit minutt per fange per dag, reknar fengselsbetjent Bjorheim seg fram til.

60 sekund å bruka på kvar fange. Bjorheim meiner det kan resultera i farlege situasjonar, då dei tilsette ikkje får tilstrekkeleg tid til å bli kjent med fangane, og plukka opp eventuelle problem før dei utviklar seg.

Meir enn fullt

– Kriminalomsorgen sitt mål er å koma ned på ei kapasitetsutnytting 90 prosent i norske fengsel. Årets mål er 94 prosent. Men me ligg i dag på 100,6 prosent her på Åna, seier fengselsleiar Ingeir Klemetsrud.

– Det gjer livet vanskelegare og uføreseieleg. Me veit aldri korleis morgondagen kjem til å sjå ut. Men me veit i alle fall at han ikkje blir lettare enn dagen i dag.

Åna fengsel

Fengselsleiaren meiner sprengt kapasitet går ut over kvaliteten på arbeidet som blir utført innanfor murane.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Bitte litt betyr så mykje

Celledøra til Rune går opp. Ein sneip ligg for døden i oskebegeret, utfor gitteret i vindauga flaksar nokre fuglar. Her sit han 24 timar i døgnet.

Kva betyr det for deg at dei tilsette har så lita tid til å prate med deg?

– Det betyr mykje. Eg stel av tida deira. Når dei kjem med mat for eksempel. Det er så lite som skal til, og dei gjev meg tid sjølv om dei har det travelt. Men då går jo det ut over nokon andre igjen, seier han.

Rune

Han trur meir tid til rehabilitering og kontakt med dei tilsette ville gjera overgangen til fridom lettare.

Foto: Ine Eftestøl/NRK

Ein viktige del av jobben til dei tilsette er å driva rehabiliterande arbeid, og førebu innsette på livet som ventar på utsida.

Umogleg, meiner Rune.

– Ifølge norsk lov skal du rehabiliterast attende til samfunnet. Her finst det ikkje rehabilitering. Det er det rett og slett ikkje tid og ressursar til.