Uvêr fører til at all helikoptertrafikken til og frå oljeinstallasjonar ute til havs er kansellert.
– Det er veldig høge bølgjer, derfor er trafikken stoppa på alle basar på grunn av tryggleiken, seier Petter Sem-Henriksen, som er driftssjef i Bristow Norway.
Det er Hammerfest, Kristiansund, Florø, Bergen og Sola som er ramma.
Vil ikkje ta opp att flyginga i dag
Grensene for kor høge bølgjene kan vera når dei flyr er åtte meter på dagtid, og seks meter om natta.
Ifølgje Bristow vil kanselleringane gjelda ut dagen.
– Etter meldingane me har fått vil bølgjehøgda dagen ut. Dermed blir flygingar kansellert og sett opp i morgon og i over i morgon for å ta att det tapte, seier Sem-Henriksen.
På heliport.no er det full oversikt og oppdatert informasjon om avgangane og ankomstane.