Full fyr i fleire bosspann

Politiet melde i halv firetida om brann i fleire bosspann i Sandnes. Det var fare for spreiing, og evakuering blei vurdert. Men brannmannskapet fekk kjapt kontroll. Det har kome mindre skadar på eit bygg og ein person har fått i seg litt røyk.

Brann i bosspann i Sandnes
Foto: Ronny Hjertås