Full forvirring rundt regelverket for små køyretøy

Over heile landet har folk bytta ut den tradisjonelle sykkelen med små køyretøy med motor. Alle er i sal i norske butikkar, men kva er eigentleg lovleg?

Hoverboard

Hoverboard eller Classywalk er eit populært produkt i Noreg. Desse er lovleg om dei ikkje går fortare enn 20 kilometer i timen. Om ein køyrer når det er mørkt er det krav til lys.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Dei som bruker slike framkomstmiddel er ofte er unge, og dei har ikkje har kjennskap til trafikkreglar og trafikktryggleik. Det er skummelt, seier Georg Grødem, politispesialist i Sør-Vest politidistrikt.

Dei siste åra har det dukka opp små, lette og stilige transportalternativ. I staden for å gå eller sykla, kjem no mange barn og unge rullande på el-scooter, ståhjuling eller sparkesykkel med motor.

Sjølv om ein enkelt kan kjøpa desse i butikk eller over netthandel, er det fleire ting ein må sjekka før ein drar kortet.

Det er nemleg forbod mot mange av køyretøya i Noreg. Enkelte må ein ha førarkort for å bruke.

Politispesialist

Georg Gørdem, politispesialist i Sør-Vest politidistrikt.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Politiet har også mottatt fleire klager.

– Folk opplever at personar kjem i full fart på slike køyretøy – utan at dei tar omsyn til vikeplikt eller andre reglar.

Sør-Vest politidistrikt har no sendt ut informasjonsskriv til fleire skular om regelverket. Årsaka er at det har skjedd fleire ulukker kor slike køyretøy har vore involverte. Politiet starta med kontrollar.

Ulovleg bruk, eller «trimming» av motoren, kan medføra straff og destruksjon av køyretøyet. I tillegg kan ein få førarkortet utsett.

Er ein involvert i ei ulukke og det oppstår skade på eigedom eller personar, kan ein få pengekrav frå forsikringsselskapa. Det gjeld også om ein er under 15 år.

Kva er lov?

Har sparkesykkelen sete, motor og går over seks kilometer i timen, er den ikkje lovleg i Noreg.

Ulovleg i Norge

El-sparkesykkel med sete er forbode i Noreg.

Foto: Skjermdump får Jollyrom.no

Sparkesyklar som har elektrisk motor er lov, men den kan ikkje gå fortare enn 20 kilometer i timen. Det same gjeld for ståhjuling, hoverboard, el-scooter og sparkebrett.

Det er også krav til lys, om ein skal bruke dei i mørke.

– Me oppfordrar også til bruk av hjelm og refleks, seier Georg Grødem.

Om køyretøyet med elektrisk motor går raskare enn 20 kilometer i timen, blir det rekna som ein moped eller motorvogn. Då er køyretøyet registreringspliktig, og det er krav om førarkort, og 16-årsgrense.

Sparkesykkel

El-sparkesykkel utan sete er lov, men den kan ikkje gå fortare enn 20 kilometer i timen. Som på sykkel er det krav om lys når ein køyrer i mørke.

Foto: Skjemdump frå Jollyrom.no

Køyretøy som bruker bensin, Go pad, uregistrert ATV og uregistrert Pocketbike, er det forbod mot. Dette gjeld både privat og offentleg grunn.

Det einaste unntaket er om køyretøyet kan bli klassifisert som leiketøy. Då kan ikkje køyretøyet gå over seks kilometer i timen eller vega meir enn 50 kilo.

Har du kjøpt eit ulovleg køyretøy?

Mange butikkar og nettstader forhandlar køyretøya som er ulovlege i Noreg, utan at dei seier det. Men har du kjøpt noko som er ulovleg utan å få vite det, har du krav på å få pengane tilbake.

ulovleg sprakesykel

Slik promoterer mange nettstader. Ein slik sparkesykkel med sete er ikkje lovleg i Noreg. Ikkje på offentleg veg, eller privat veg.

Foto: Skjemdump Jollyroom.no

– Får ein ikkje rett informasjon frå butikken, kan ein få kjøpet heva, seier Thomas Iversen, juridisk seniorrådgivar i Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet kan også gi råd og rettleiing til dei som vil klaga eller heva eit kjøp.