Hopp til innhold

Full forvirring om skulekutt

350 ungdomsskuleelevar streika tysdag mot budsjettkutta i Stavanger-skulane. Måndag blir det oppvaskmøte.

Video Full forvirring om skolekutt

Det rår full forvirring kring budsjettkutta i Stavanger-skulen. Tysdag streika 350 elevar ved Austbø skole.

Mens politikarane i Stavanger meiner dei har vedteke nedskjæringar på 350.000 kroner per skule, varslar fleire skular at dei må kutta millionbeløp.

Det gjer at det rår full forvirring krig kor alvorlege budsjett-kutta verkelege er for skulane i oljehovudstaden.

– Mange av lærarane kjem til å blir sparka. Det går mest ut over dei med lese- og skrivevanskar, meiner elevrådsleiar Maren Madsen ved Austbø skole.

– Dette forstår me ikkje

Odd Kristian Reme

Leiar for kommunalstyret for oppvekst i Stavanger, Odd Kristian Reme (Ap).

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Samane med omlag 350 elevar streika ho tysdag mot budsjettkutta. Både elevar, føresette og lærarar er nå usikre på kva konsekvensar nedskjæringane får for skulekvardagen.

Også politikarane er usikre på kva verknader budsjettkutta får.

– Dette forstår me ikkje. Me har trass alt vedteke eit beskjedent kutt i Stavanger-skulen. Gjennomsnittleg får kvar av dei 42 skulane redusert budsjettet sitt med 350.000 kroner, seier leiar for kommunalstyret for oppvekst, Odd Kristian Reme (Ap).

Reme forstår derfor ikkje korleis enkelte skular kan melda om budsjettkutt på opp mot 2,5 millionar kroner.

Oppvaskmøte på måndag

Måndag blir alle involverte partar innkalte til møte. Der skal ein gjennomgå tala for å finna ut kva som har skjedd.

– Eg er usikker på kva som har skjedd. Derfor har eg kalla inn økonomiavdelinga, kommunalt foreldreutval og gruppeleiarane i opppvekststyret til møte, seier Reme.

Meldinga frå dei streikande elevane er i alle fall klar: Skulane bør bli skjærma mest mogleg for den kommunale sparekniven.

– Me skjønar ikkje kvifor politikarane kuttar i skulebudsjettet. Skulen er trass at plassen der unge får utdanning og legg grunnlaget for yrkeslivet, seier ein av dei streikande elevane.