Hopp til innhold

Fryktar Tom Cruise-effekt og «iheltråkka turistmagnet»

Naturvernforbundet fryktar masseturismen til Preikestolen kan bli forsterka av storfilmen «Mission Impossible 6». Nå krev dei ei grundig utgreiing av kva som er ei berekraftig utvikling for turistmagneten i Lysefjorden.

Preikestolen

Det er venta at besøkstalet til Preikestolen skal dobla seg til 600.000 innan ein tiårsperiode. Naturvernforbundet spør seg nå kor tolegrensa går.

Foto: Paul Kleiven / NPK

– Det er jo ikkje ein motorveg som går inn til Preikestolen, men ein må kanskje laga noko som liknar snart. Preikestolen er i ferd med å bli ein iheltråkka turistmagnet, seier dagleg leiar i Naturvernforbundet i Rogaland, Erik Thoring.

Han saknar kritiske røyster til det han kallar «ein stor heiagjeng som ikkje har nokon hemningar når det gjeld å promotera Preikestolen som turistmål».

Fylkeslagsleiaren i Naturvernforbundet siktar til jubelen og begeistringa blant lokalpolitikarar og reiselivsnæringa då filmtraileren til den nye Mission Impossible-filmen, med fleire scener frå Preikestolen, nyleg blei sluppen.

Tom Cruise i flere spektakulære scener i norsk natur. Videor: Paramount Pictures

Det amerikanske filmselskapet Paramount Pictures slapp filmtraileren til «Mission Impossible 6»natt til måndag norsk tid.

I slutten av januar blei det også presentert planar om ein 2500 meter lang gondolbane til Preikestolen. Dersom den blir realisert, kjem turismen til å auka endå meir.

Erik Thoring

Dagleg leiar i Naturvernforbundet i Rogaland, Erik Thoring, krev nå ei grundig utgreiing av kor store turistmassar Preikestolen toler.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

– Naturen blir «oppbrukt» av så mange folk nærast året rundt. Det krev meir tilsyn, søppelhandtering og fleire fysiske tiltak for å kanalisera turiststraumen, meiner Thoring i Naturvernforbundet.

– Plikt til å forvalta området

Ifølge Markedsføringshuset i Stavanger er marknadsføringsverdien av Tom Cruise-filmen på mange titals millionar kroner.

Sjefen på Markedsføringshuset, Trygve Forgaard, er også rådsleiar i Stavanger turistforeining. Han seier turistforeininga ønsker dei store turistmassane frå utlandet.

– Men me må ha kontroll på utviklinga, slik at det ikkje blir for mykje avfall og naturopplevinga blir øydelagt. Det skal vera ein opptur å gå til Preikestolen, og me har ei plikt til å forvalta eit så flott område, seier Forgaard.

Trygve Forgaard

Trygve Forgaard er dagleg leiar ved Markedsføringshuset i Stavanger og rådsleiar i Stavanger turistforeining.

Foto: Magnus Stokka

– Toler meir enn 600.000 i året

Preikestolen har i dag om lag 300.000 årlege besøkande, men besøkstala er venta å dobla seg innan ti år. Dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen, Audun Rake, meiner tolegrensa ikkje er nådd.

– Me kan tola dette, og meir til, dersom me spreier turiststraumen over heile året. Dersom me utnyttar heile døgnet, kan me fort ha 10.000 besøkande til dagen, seier Rake, som legg til at det også er eit politisk spørsmål om ein ønsker så mange.

Audun Rake

Audun Rake er einig i at det er nødvendig med ei grundig utgreiing av kva som er ei berekraftig utvikling for Preikestolen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Han fortel også at Stiftelsen Preikestolen er i sluttspurten i arbeidet med å få
Innovasjon Norge sitt merke for berekraftig reisemål. Merket er eit kvalitetsstempel for marknadsføring og omdømmebygging.

Einige om utgreiing

Erik Thoring i Naturvernforbundet saknar likevel ei grundig utgreiing av kva som er ei berekraftig utvikling for Preikestolen.

– Det bør dei setja på dagsorden. Politikarane og folk bør få vita kva som faktisk må til for å handtera så store folkemengder.

Rake i Stiftelsen Preikestolen er einig i at dette er nødvendig, og meiner dei er på veg.

– Men det kan godt henda arbeidet må intensiverast. Det er viktig at me er førebudde på konsekvensane turistvekst får, og kva tiltak me kan setja inn.