Hopp til innhold

– Ungene skal ikkje være dei første som tek surrogati-debatten

Stortingspolitikar Olaug Bollestad (KrF) er skeptisk til at skulen formidlar at det er heilt normalt at par av same kjønn får eigne barn. Ho fryktar det kan føra til at surrogatidebatten blir teken opp blant elevane.

Olaug Bollestad

SKEPTISK: Olaug Bollestad, stortingsrepresentant for Kristeleg folkeparti, er uroa for at kampanjen fører til at surrogatidebatten kjem opp i norske klasserom.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Det er ikkje bra dersom ein brukar ungane som plattform i ein diskusjon om surrogati og egg- og sæddonasjon. Det er ein debatt me vaksne og politikarar må ta først.

Ein tredel av alle grunnskular her i landet deltek denne veka i ein kampanje om mangfaldet av familietypar, i regi av organisasjonen Sex og politikk.

– Me veit at det er mange måtar ein familie kan vera sett saman på i dag. Det er ikkje lenger berre kjernefamiliar. Det er noko av det me har fokus på i vårt materiell, at det er mange måtar å vera ein familie på, seier kampanjeleiar Gry Stordal.

– Vaksne må ta debatten først

Bollestad tykkjer at det er positivt at det blir sett fokus på familien i skulen.

– Det som kan vera bra med kampanjen er at det ikkje er lov å mobba nokon, uansett kva familie dei har. Eg er glad for at ein diskuterer familie. Ungar skal ikkje hengjast ut om dei ikkje veks opp i ein A4-familie, seier Bollestad.

Men ho er redd for at surrogati og sæd- og eggdonasjon kan koma på bana i klasseromma.

– Det er kontroversielt, og det er ikkje uproblematisk å ha dette med i lærestoff, fordi då brukar me ungane som ein arena for så vanskelege debattar, seier Bollestad.

Surrogati er ikkje lov i Noreg, men nokre vel likevel å gjera det i utlandet.

– Utfordrar lova

Ho er klar på at dette først må debatterast og avgjerast blant vaksne og politikarar.

– Dersom me tek så vanskelege debattar, og hoppar bukk over dei etiske diskusjonane, då trur eg at me taper som samfunn.

– Men kan denne kampanjen snakka om far far og mor mor, utan å vera borti desse etiske dilemma?

– Eg veit ikkje korleis dei gjer det, men det er problematisk om læreverk går ut over norsk lov.

– Det handlar om å skape mangfald

Stortingspolitikar Tina Bru (H) delar ikkje uroa til Bollestad.

– Eg tenkjar at dette opplegget er veldig bra. Eg meiner at me faktisk treng meir av denne type haldningsskapande arbeid inn i skulen, for me veit at me framleis har ein del utfordringar med å skape eit tolerant og mangfaldig samfunn, seier stortingspolitikaren.

Ho meiner at de då blir heilt naturleg at barn får lære om desse tinga på skulen.