Fryktar store mørketal – ATV-ulukker blir ikkje registrert

På tre år er talet på ATV-ulukker nesten halvert. Statistikken til Statens vegvesen teiknar eit urealistisk bilde, meiner Trygg Trafikk.

Thomas Haarde (t.v.) og Thomas Fitje (ATV-forfra)

FLINKARE ENN FØR: 16-åringane Thomas Haarde og Thomas Fitje bruker ATV-ane til å komme seg på skulen. Dei meiner ungdom har blitt flinkare til å køyre.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Det skjer nok mykje rart på hytteområde og i terrenget som vi ikkje veit om, og når ingen rapporterer om det er det vanskeleg å få statistikk, seier distriktsleiar i Trygg Trafikk i Finnmark, Knut Larsen.

Knut Larsen (Trygg Trafikk)

ØNSKJER REGISTER: Distriktsleiar i Trygg Trafikk Finnmark, Knut Larsen, ønskjer seg eit betre ulukkesregister.

Foto: Trygg Trafikk

Tala til Statens vegvesen viser at 31 personar blei skadde og to drepne i ulukker i 2018. I 2015 blei 58 personar skadde og ein person drepen i ATV-ulukker. Men tala gjeld berre for ulukker som har skjedd på offentlege vegar.

Vil ha skaderegister

Trygg Trafikk meiner det er store mørketal.

– Når ingen registrerer ulukkene kan ein ikkje sette i verk gode tiltak for å gjere ATV-køyring sikrare, seier Larsen.

NRK har vore i kontakt med dei fleste politidistrikta i Noreg for å spørje om det er mogleg å få tak i ATV-statistikk. Svaret er at det ikkje går an å hente ut tal fordi ulukkene ikkje blir sorterte i kategoriar som gjer det mogleg å finne tilbake til ATV-ulukkene. Heller ikkje helseføretaka fører statistikk spesifikt på ATV-ulukker.

– Det må setjast av pengar til eit nasjonalt skaderegister som registrerer ATV-ulukker som skjer på veg og i terrenget. Elles kan vi ikkje setje fingeren på kva vi skal jobbe med for å redusere ulukkene, seier Larsen.

Glad for nedgang

Larsen er glad for at ulukkene på veg har gått ned. Det er også Guro Ranes. Ho er avdelingsdirektør for trafikksikring i Statens vegvesen.

Guro Ranes

USIKKER: Trafikksikringsdirektør i Statens vegvesen, Guro Ranes, veit ikkje kvifor talet på ulukker har gått ned.

Foto: Knut Opeide / Knut Opeide

– Det er inga god forklaring på den nedgangen. Det har ikkje vore noko endring i regelverk eller krav til utdanning. Utforminga på køyretøyet har heller ikkje endra seg, seier ho.

Samtidig vedgår ho at ATV-køyring ikkje berre går føre seg på vegen.

– ATV-ane er jo laga for å køyra i terrenget. Det finst heilt sikkert ulukker vi ikkje har i vår statistikk, seier ho.

Ungdommane mest utsett

Det er ungdom mellom 15 og 19 år som toppar vegvesenet sin statistikk. I 2015 var 24 av til saman 59 personar, ungdommar. Medan det i 2018 blei registrert åtte skadde og drepne ungdommar i ATV-ulukker, av til saman 33.

Thomas Haarde og Thomas Fitje (på ATV)

Thomas Haarde (t.v.) og Thomas Fitje bruker ATV-ane sine på vegen og i skogen.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Thomas Fitje (16) bruker ATV-en på skulevegen og ute i terrenget. Han meiner ungdommar har blitt flinkare til å køyre ATV.

– Kanskje vi har blitt meir vaksne og forstår at det ikkje er ei leike, seier han.

Kompisen Thomas Haarde (16) har lova foreldra å køyre fint.

– Mamma og pappa seier at eg må køyre forsiktig og ikkje velte, men eg har god kontroll, seier han.