Hopp til innhold

Fryktar stålverket må vika for bustader

Bankane har avslått det eine bodet som er kome for å redda dei 115 arbeidsplassane på stålverket på Jørpeland. LO fryktar at bankane heller vil ha bustader på industritomta.

Spillet om Stålverket fortsetter etter konkursen for to og en halv uke siden. Bankene har avslått det ene budet som er kommet for å redde de 115 arbeidsplassene. Nå frykter LO
at bankene spekulerer i å bygge boliger på industritomten.

SJÅ REPORTASJEN: Det er tre veker sidan Scana Steel Stavanger på Jørpeland vart slått konkurs.

– Dersom området blir liggjande brakk lenge nok, så vil det nok stiga i verdi som bustadtomter, seier Øystein Langholm Hansen, LO-sekretær i Rogaland.

Om det er noko som kan kallast indrefileten på Jørpeland, så er det det 200 mål store området der stålverket ligg solvendt nede ved sjøen.

Den 4. mars vart Scana Steel Stavanger på Jørpeland slått konkurs, og 115 tilsette mista jobben.

LO-toppen legg ikkje skjul på at han fryktar at eigaren har ei hensikt med å dra ut tida og la stålverket forsvinna stille.

Ser ikkje vekk frå bustadtomter

Det er Handelsbanken, Nordea og DNB som er pantehavarar i buet. At bankane vil få mest att om det blir bygd bustader på tomta, ser ikkje bustyrar Fredrik Bie, som snakkar på vegner av DNB, vekk frå.

– Ryfast er på plass om nokre år, og at det blir annan bruk av i alle fall delar av dette verksområdet, det ser eg ikkje vekk frå.

– Men det blir eigentleg eit reguleringsspørsmål, seier Bie.

Berre éin kjend bodgivar

Hogne Fjellanger er den einaste kjende bodgivaren. Han vil driva stålverket vidare.

– Det er klart at nokon ser verdien i tomtene på Jørpeland.

– Men du har ingen eigedomsinteresser for bustader der?

– Eg er industrimann. Eg ønskjer å smelta, støypa og forma stål, det er mi interesse, seier han bestemd.