Hopp til innhold

Fryktar Sand vil li når ferja forsvinn

Når brua over Sandsfjorden opnar i slutten av november, vil mykje av gjennomgangstrafikken på Sand i Suldal forsvinne. Det uroar Olaug Irene Utbjo og fleire andre i bygda.

– For bygda vår er dette pyton, seier Olaug Irene Utbjo frå Sand. Ho vil sakna ferja over Sandsfjorden.

– Værså god!

Billettør Gustav Rugtveit har løyst billettar over Sandsfjorden i Ryfylke i over åtte år.

– Jobben er grei den – du får jo treffe hyggelege folk, seier han.

Men nå er det snart slutt. Sandsfjord bru er snart ferdig og er planlagt opna i slutten av november, og til nyttår stenger ferjesambandet for godt.

– Du har dei som likar det, og så har du dei som ikkje likar det. Det er mest av dei som synest det er trist at ferja forsvinn, seier Rugtveit.

Treng ikkje dra til sentrum

Når den nye brua opnar og ferja sluttar, kjem mykje av gjennomgangstrafikken på Sand i Suldal til å forsvinne, fordi folk ikkje treng å ta turen ned til ferjeleie i sentrum. Det likar ikkje innbyggjarane.

– For bygda vår er dette pyton. Men vi hadde ikkje noko val, så når det vart sånn, må vi ta det for det er, seier Olaug Irene Utbjo.

Dagleg leiar på Coop i Sand, Arina Simonova, har freista med norske plommar til turistar som har vore innom butikken i sommar. Nå fryktar ho at omsetjinga vil falle kraftig når ferja sluttar å gå.

– Det er eg veldig uroa for, seier Simonova.

Fryktar ikkje brua

Gerd Helen Bø

Gerd Helen Bø (Sp), ordførar i Suldal.

Foto: Joachim Steinbru

Ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø (Sp), trur ikkje brua vil øydeleggje Sand.

– Nei, eg trur ikkje at det er nokon fare for det, men dette krev at ein er aktiv for å gjera Sand attraktivt, seier ho.

Bø påpeiker at kommunen jobbar med ein reguleringsplan der ein blant anna håper å gjera noko med torget i bygda.

– Så eg håpar at turistar og andre framleis kjem innom, sjølv om vegen går av der ute, seier ho.