36 år gamle Ann Helen Karlsen vart sist sett i Tananger natt til søndag 6. mars. Ho vart meld sakna 14. april.
Mellom 10 og 15 personar jobbar no med denne saka i politiet seier politiinspektør Ernst K. Rossebø i Rogaland Politidistrikt.
Ann Helen Karlsen. Foto: privat
- Vi har etterforska saka så lenge at vi undrast over at ho ikkje er komen til rette, anten død eller i live. Vi fryktar at det kan ha skjedd ei straffbar handling. Det kan også vera ei naturleg forklaring, men vi må finna ut kvifor ho ikkje er komen til rette, seier Rossebø.
Dei siste opplysningane frå vitne seier at kvinna er sett i eit bustadfelt i Tananger, i Snødeveien, natt til søndag 6. mars. No vil politiet ha opplysningar frå folk som kan ha sett kvinna, som er 162 cm høg, slank og har bølga, langt brunt hår. Ho snakkar sørlandsdialekt og vert kalla Lena.
Sist sett i mars
Ann Helen Karlsen var i Stavanger fredag 4. mars i lag med mor si. Mora reiste tilbake, men og den sakna kvinna vart att i Stavanger. Ho hadde returbillett til Kristiansand 4. mars, men opplysningar i etterforskinga kan tyda på at ho bytta om eller kjøpte ny togbillett laurdag 5. eller søndag 6. mars, opplyser politiet.
Opplysningar i saka tilseier at ho var innom både Radison SAS Atlantic Hotell og Victoria Hotell i stavanger. Det er også sansynlegat ho same kveld var på nokre utestader i Stavanger sentrum. Politiet har også opplysningar om at ho var og handla klede i Stavanger sentrum i tida frå 12.00 til 14.00 laurdag 5. mars.
Same kveld var ho på besøk hos kjente i Tananger, men politiet veit ikkje korleis ho kom seg derifrå. Ho var innom Shell Bensinstasjon i Hagakrossen og handla natt til søndag 6. mars, og siste observasjon av kvinna er ute i bustadfeltet litt seinare på natta.
Agder politidistrikt etterforska saka fram til politiet i Rogaland overtok saka 14. november. Opplysningar om den sakna kvinna Ann Helen Karlsen kan gjevast til Rogaland Politidistrikt på telefonnumer 51 89 90 00, eller på e-post post.rogaland@politiet.no
Politiet er interessert i alle typar tips, også anonyme.