Etter NOKAS-ranet i Stavanger fann forskarar ut at barnehagar og bustadområde kan verte hardt råka av slike ran. - Vi veit at det årleg har vore omlag 6 ran av verditransportar seier ordførar i Stavanger, Leif Johan Sevland.
Fare for uskuldige
- Personar kan verte skadd eller drept i samband med skuddveksling som kan oppstå, seier beredskapssjef i Stavanger, Torstein Nilsen. - Det er også fare for uskuldige dersom ranarar skulle bruke sprengladningar for å kome til pengane, seier Nilsen.
Både folk som bur i nærleiken og tilfeldig forbipasserande kan verte skadde under slike ran, seier Nilsen. I det siste har det vore svært brutale pengtransportran i Sverige.
Mange politifolk var på vakt då NOKAS flytta til det nye bygget like ved Frøystad barnehage. Arkivfoto, NRK.
Må sikre samfunnet
- Selskapa som driv med verditransport er opptekne av å tryggleik for pengane og eigne tilsette, seier ordførar Sevland. Det er bra, men det må også vere fokus på nærmiljøet og vern av tredjepart, meiner Sevland.
- Det skal ikkje vere opptil dei som driv transportane å køyre der det passar dei best, seier beredskapssjef Torstein Nilsen. - Dei må faktisk køyre der det passar samfunnet best, seier Nilsen.
Justisministeren reagerer
Justisminister Odd Einar Dørum lovar no å kalla inn til eit møte. Han vil møte private verditransportselskap og politiet. Målet er å finne ut korleis lokalmiljø kan verte sikrare mot ran.
- Det som er poenget er at vi i Norge er gode til å finne resulat når vi set oss saman for å finne gode løysingar, seier Dørum.