NRK Meny
Normal

Fryktar nytt sjukehus blir for lite

Kjersti Toppe (Sp), nestleiar i Helse og sosialkomiteen på Stortinget, er redd for at det blir mange korridorpasientar på det nye sjukehuset i Stavanger.

KORRIDORPASIENTER AHUS

LITE PRIVATLIV: Det er ikkje mykje ein får ha for seg sjølv, dersom ein blir plassert på gangen på sjukehuset. Kjersti Toppe innfelt.

Foto: Paul Sigve Amundsen/ Roald, Berit / NTB scanpix

– Eg har jo følgt med, og veit at her i Stavanger har det vore eit problem med mange korridorpasientar, seier Toppe.

Det har stortingsrepresentanten for Senterpartiet rett i. Slik var det på 90-talet. Slik var det på 2000-talet og i 2013, 2014 og 2015-målingar har Universitetssjukehuset i Stavanger toppa korridorpasientstatistikken for heile landet.

– Må setja ei grense

Kjersti Toppe

STORTINGSREPRESENTANT: Kjersti Toppe (Sp).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

No skal det snart avgjerast korleis det nye sjukehuset i Stavanger skal bli sjåande ut . Då håpar Toppe at tida med mange korridorpasientar er forbi.

– Me har mange eksempel i Norge på at når ein planlegg for små sjukehus, eller må kutta ned på grunn av økonomi, så får ein situasjon der sjukehusa blir for fulle. Altså at ein har høg beleggsprosent. Eg uroa for det, og meiner at me må setje ei klar grense, seier Toppe.

– Ikkje høgare enn 85 prosent belegg

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det er 93 prosent belegg i gjennomsnitt på norske sjukehus. Eit gjennomsnitt som er så nære 100 prosent utnytting, betyr at sjukehusa relativt ofte må ty til korridorane for å finne plass til alle pasientane.
Senterpartiet og Legeforeininga i Rogaland er samde om at det nye sjukehuset må vera så stort at Stavanger ikkje held fram å vera på korridorpasient-toppen.

Toppe er glad for at planane førebels gir nok plass på sjukehuset, men fryktar at det blir mindre etter kvart som dei tek form.

– Det har skjedd andre stader at ein må kutta kvadratmeter på grunn av økonomien. Så her meiner eg at me må få eit nytt sjukehus i Stavanger som ikkje har høgare belegg enn 85 prosent, elles vil det kunne gå utover pasienttryggleiken, seier Toppe.