Hopp til innhold

– Me har ikkje finansiell ryggrad til å takla nok ei oljekrise

SOLA (NRK): Norske oljekommunar krev strakstiltak frå regjeringa for å hjelpa olje- og gassnæringa. Viss ikkje fryktar dei at det kan gå mot nok ei oljekrise.

Administrerande direktør i oljeleverandørbedrifta Norse, John Stangeland

– Førebels er berre eit fåtal permitterte i oljeservicebedrifta NorSea, fortel administrerande direktør John Stangeland. I oljekrisa for nokre år sidan måtte dei seia opp 200 tilsette.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Det er ikkje meir enn tre år sida oljeindustrien stod midt i ei djup krise der meir enn 40.000 arbeidarar mista jobben.

Nå er den same industrien urolege for at dei er i startgropa på ei ny djuptgåande krise.

Enkelte meiner at det i så fall vil vera meir enn dei kan tola.

– Me har ein leverandørindustri med eit mykje svakare utgangspunkt enn det me hadde førre gong. Me har ikkje finansiell ryggrad i serviceindustrien til nok ei langvarig og djup krise, seier John Stangeland, som er administrerande direktør i NorSea i Sola kommune.

Meiner tiltak er nødvendig

Ved førre oljekrise mista 200 tilsette jobben i NorSea. Så langt har dei berre permittert eit fåtal, ifølge Stangeland.

Dette er også status i fleire andre bedrifter i denne oljetunge regionen, viser ei nyleg utført spørjeundersøking av forskingsinstituttet NORCE i oljefylket Rogaland.

– Leverandørnæringa til oljeselskapa er enn så lenge ikkje ekstremt sterkt ramma av koronakrisa. Men om det ikkje blir tatt grep, vil dette fort endra seg, seier seniorforskar Atle Blomgren, ved NORCE.

I rapporten kjem det fram at det er oljenæringa og bygg- og anleggsbransjen, som forventar størst nedgang i tida som kjem.

Meiner tiltak er nødvendig

– Dersom det ikkje skjer noko med oljeprisen og rammevilkåra til olje- og oljeserviceselskapa, fryktar me oppseiingane kjem seglande på ei fjøl, seier Sola-ordførar Tom Henning Slethei (Frp).

Oljekommunen i Rogaland er den som blei hardast råka under førre oljekrise mellom 2014 og 2017. Den gong sprøyta regjeringa inn milliardar av kroner i dei mest utsette fylka.

Nå er det på ny tøffe tider.

– Me har hatt ein vekst i arbeidsløysa frå to-tre prosent til elleve prosent på få veker. Det er dramatisk fordi det gir eit enormt inntektsfall for kommunane.

Mann som jobbar i olja

NORCE har gjennomført intervju med leiinga i 80 sentrale bedrifter i oljefylket Rogaland. Her kjem det fram at fleire bedrifter meiner ei krisepakke til oljeindustrien er heilt nødvendig.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Kan tapa mange millionar

Berre kommunane i oljetunge Jæren og Nord-Jæren reknar med at tap i skatteinntekter, og meirkostnadar for å overvinna smitte, kan utgjera ein milliard kroner i år, ifølge eit brev sendt til regjeringa.

Berre Sola kan tapa 80–90 millionar kroner i skatteinntekter, i tillegg til å få opp mot 20 millionar i koronautgifter i år, ifølgje ordføraren.

– Det medfører store underskot, i staden for eit lite overskot som ville gjort at me kunne investert i skulebygg og andre ting.

Han er ein av 33 ordførarar i energikommunar, frå Lindesnes i sør til Hammerfest i nord, som nå ber regjeringa om strakstiltak, i eit brev til statsministeren.

Forskottering av selskapa sine skattefrådrag blir peika på som det mest effektive tiltaket.

– Næringa treng stabilitet i aktivitetsnivået, og ikkje minst å sikra fagkompetansen, arbeidsplassane og rekrutteringa, seier ordførar i oljehovudstaden Stavanger, Kari Nessa Nordtun (Ap).

Fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chesak, meiner at kompetansen som finst i oljenæringa spelar ei viktig rolle for omstillinga landet skal gjennom.

– Grønn industri kviler på skuldrene av denne bransjen, og utan denne kompetansen, får me inga grøn omstilling, seier fylkesordførar Marianne Chesak.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå olje- og energiminister Tina Bru (H), utan hell.

Meiner oljepakke vil vera viktig

Sjeføkonom Kyrre Knudsen i Sparebank 1-SR Bank seier oljekommunane må ta høgde for krevjande tider.

Kyrre M. Knudsen

Sjeføkonom Kyrre Knudsen i Sparebank 1-SR Bank.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Men han er usikker på om det blir like ille som under oljekrisa me nyleg har lagt bak oss.

– Me veit ikkje heilt korleis det blir ennå. Men ei støttepakke mot oljebransjen blir viktig, og sjølvsagt dei pakkane som dempar nedgangen for kommunane.

– Verkar krisepakkane?

– Førre gong var det ein del spesifikke pakkar mot kommunane. Denne gongen er det ei annleis utfordring med både korona og oljenedgang. Me får venta og sjå, og håpa det kjem meir dersom det blir nødvendig.

Men produksjonen av olje og gass må ned dersom me skal nå klimamåla. Spørsmålet blir derfor i kor stor grad det offentlege skal støtta denne næringa med krisehjelp.

Stangeland i NorSea meiner oljebransjen treng god økonomi for å bidra til det grøne skiftet.

– Får me eit kjempesjokk nå, blir me opptatt at det framfor å skapa noko nytt me skal leva av i framtida.