NRK Meny
Normal

Fryktar millionsmell - også for Ryfast

Styreleiaren i Finnfast, Gro Skartveit, trur talet på elbilar blir minst like høgt i Ryfast som i Finnfast. Det må dei som planlegg Ryfast ta på alvor for å unngå ein millionsmell, åtvarar ho.

Gro Skartveit og innkjørselen til Finnfast

Gro Skartveit meiner dei som planlegg Ryfast-prosjektet må legga inn ein elbil-andel på 25–30 prosent for å unngå budsjettsprekk.

Foto: K. Hjertenes/G. Morsund

– Eg trur strandbuen er oppegåande folk og kjøper elbilar. Det er veldig gode bilar, dei gir fordelar og dei sparer miljøet. Strandbuen er ikkje annleis enn finnøybuen, slår Gro Skartveit fast.

Styreleiaren for Finnfast og den tidlegare ordføraren i Finnøy opplever at talet på elbilar berre aukar i øykommunen. 80 prosent av nybilkjøpet på Finnøy er elbilar, og totalt er ein fjerdedel av all trafikk i Finnfast er elektriske bilar.

– Må legga inn elbil-andel på opp mot 30 prosent

Dette trugar økonomien i fastlandsprosjektet, og Skartveit meiner staten må ta rekninga for tapte inntekter. Nå åtvarar ho mot dei same utfordringane for Ryfast – som etter planen opnar i 2019.

– Det er klart ein vil oppleva det same i Ryfast. Talet på elbilpasseringar blir høgt, minste like høgt som i Finnfast. Då er det enormt viktig at det blir lagt inn i planlegginga, noko som ikkje blei gjort i Finnfast. Det har ført til mykje styr etterpå, seier Skartveit.

Ho meiner dei som planlegg Ryfast-prosjektet må legga inn ein elbil-andel på 25–30 prosent.

– Det bør ein gjera ganske snart slik at ein kan få reelle bompengesatsar. I tillegg håpar eg me blir fleire som står saman om å få kompensasjon for tapte inntekter frå staten.

Har ikkje tatt høgde for elbil-andel

Ein høg elbil-andel kan også bli ei problemstilling for Ryfast – men det kjem an på om dagens gode held fram, meiner styreleiaren i bompengeselskapet til Ryfast, Marianne Gloppen. Uansett, bompengeselskapet har ikkje tatt høgde for nokon elbil-andel.

– Dette ligg langt fram i tid. Det er for tidleg å ta stilling til dette nå, og ingen satsar er sett, seier Gloppen.

Det resonnementet slår ikkje Skartveit seg til ro med.

– Det går ikkje an å ha eit prosjekt kor ein seier at me får sjå kor mange elbilar som kjem før ein set satsane. Det blir for mykje styr, seier ho.

Stortinget skal fastsetja bomsatsane når Ryfast-prosjektet nærmar seg opning i 2019. Ryfast er kostnadsrekna til 5,5 milliardar kroner.