Hopp til innhold

Fryktar liv må gå tapt før noko blir gjort med rasveg

SULDAL (NRK): Olav Lindseth slapp med skrekken i fjor. Nå er han redd det må skje eit dødsras før noko blir gjort med rasvegen.

Kollasj

ETTERLYSER PENGAR: Olav Lindseth køyrer på rasutsette riksveg 13 omtrent kvar dag. Han vil ikkje flytte frå Suldal, men meiner distrikta fortener meir pengar til rassikring.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Riksveg 13 har blitt ei konstant hovudpine for både lokalbefolkning og politikarar i Suldal og områda rundt. Fredag for ti dagar sidan gjekk det eit stort steinras på eit område av vegen som ligg om lag fire kilometer sør for Nesflaten i Suldal.

Raset var på 1500 kubikk med stein. Vegbanen fekk store sår, og ein kunne sjå store steinar som hadde kome ned fjellsida og øydelagd rekkverk. Rasmuren er nærmast totaløydelagt.

– Til dagleg tenker ein ikkje på dette. Men når eg ser på dei enorme massane som har komme ned her og tenkjer på fireåringen og åtteåringen min, da får eg hjartet i halsen, seier Olav Lindseth, som bur i Mokleiv og jobbar på Nesflaten.

Køyrde rett inn i eit ras

Det er ikkje første gong Lindseth ser eit rasområde på riksveg 13. I fjor sto han plutseleg midt i marerittet alle i området fryktar aller mest. Han skulle levere sonen på fire år i barnehagen, og køyrde i berre 40 eller 50 kilometer i timen på grunn av store nedbørsmengder.

Olav Lindseth

Olav Lindseth slapp med skrekken da han og sonen opplevde eit ras på riksveg 13 i fjor.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Så, ved Falkalidtunnelen på riksveg 13, høyrer han eit smell og alt blir plutseleg heilt mørkt.

– Eg ser ingenting og mister kontrollen på bilen. På eit vis klarer eg å styre inn i tunnelen. Det einaste eg tenkjer på er gutungen, som så langt ikkje har laga ein lyd. Men så seier han «pappa, eg er redd», og det må vere blant dei vakraste orda eg nokon gang har høyrd.

Vil ikkje flytte

Lindseth og sonen går ut av bilen, som er totalvrak. Dei vil finne ein plass å ringe frå, for det er ikkje dekning i tunnelen. Men rett utanfor tunnelen blir dei vitne til eit aktivt ras ned fjellet.

– Eg må velje mellom å la gutungen bli igjen aleine i tunnelen, eller ta han med ut og risikera noko. Eg ender opp med å vente til det roar seg, seier han.

Trass i hendinga, vil ikkje Lindseth og familien flytte.

– Det er fantastisk her inne, vi angrar ikkje eit sekund på at vi bur her, seier Lindseth, som er sjef ved Energihotellet på Nesflaten og leiar Næringsforeninga i Suldal.

– Men det er krevjande at politikarane ikkje prioriterer rassikring. Når det finst bymiljøpakker, burde det også finst bygdemiljøpakker. Det er vi som bur i distrikta som blir utsett for dette, held han fram.

Avviser at dei brukar lite pengar

I statsbudsjettet for 2019 blei det sett av knappe 1,9 milliardar kroner til rassikring av riksvegar og fylkesvegar. Då revidert statsbudsjett blei lagt fram i vår, fekk regjeringa krass kritikk for å kutte 180 millionar kroner til rassikringa av riksvegar.

SV-leiar Audun Lysbakken uttala til Bergens Tidende at han ikkje kunne sjå nokon saklege årsaker til kutta når behovet er så stort.

Tommy Skjervold.

Statssekretær Tommy Skjervold (Frp) i Samferdselsdepartementet.

Foto: Olav Heggø / FotoVisjon AS

Statssekretær Tommy Skjervold (Frp) i Samferdselsdepartementet meiner det ikkje var snakk om noko kutt, men at prosjekta knytta til rassikring hadde behov for mindre pengar.

– Det gjorde det mogleg å bruke middel på andre prosjekt som er prioritert i Nasjonal transportplan og som behøver pengar i 2019. Alle prosjekta går som planlagt, skriv han i ein e-post.

To milliardar til sikring mot ras

For statsbudsjettet 2020 har regjeringa foreslått ei satsing på veg på 38 milliardar kroner. Det er ein auke på over 80 prosent sidan 2013.

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) seier i ein pressemelding at landet treng moderne infrastruktur med effektive og sikre transportløysingar.

Jon Georg Dale river bomstasjon i Kvinnherad Hordaland

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– For at folk skal kunne bu og arbeide i heile landet, er vi avhengige av gode vegar. Difor har denne regjeringa auka satsinga på vedlikehald av eksisterande vegar og investeringa i nye, seier samferdselsministeren.

Han understrekar at vegane også skal vere trygge mot ras.

Til sikring mot ras på riks- og fylkesvegane foreslår regjeringa difor å løyve nesten to milliardar kroner.

Hjartet i halsen

Steinraset som gjekk for ti dagar sidan, er ikkje det første på denne strekninga av riksveg 13.

Også i 2012 og 2016 gjekk det steinras her. I 2012 rasa det ut mellom 300 og 500 kubikk med stein på vegen. Den gong blei vegen stengt i fem dagar.

Og da NRK i fjor kåra Noregs verste veg, blei riksveg 13 mellom Erfjord og Sand plassert på tredjeplass.

Lindseth brukar framleis riksveg 13 omtrent kvar dag. Men han kjenner på ei uro.

– Det kan gå eit nytt ras om fem eller ti år. Det veit Vegvesenet og politikarane. Eg er redd for at folk må bli skadd eller at liv må gå tapt før noko skjer. Det er galskap, seier han.

Rassted på riksvei 13, Kilane i Suldal

10. mars i fjor gjekk det eit ras på riksveg 13 ved Kilane i Suldal.

Foto: Magnus Stokka / NRK