Hopp til innhold

– KOLS-pasientane hamnar truleg i sjukehuskorridorane

170 KOLS-pasientar i Rogaland har mista tilbodet sitt om heimebehandling. Nå kan desse enda opp med å fylla sjukehuskorridorane ved lungeavdelinga til Stavanger universitetssjukehus.

Kolskoffertane er pakka vekk

KOLS-KOFFERTEN: Nedpakka på eit lager står nå alle KOLS-koffertane, som gjorde det mogleg med heimebehandling av KOLS-pasientar. Nå trur sjukepleiarar at pasientane hamnar i korridorane på sjukehuset.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Lillian Solli

KOLS-pasient Lillian Solli har mista KOLS-kofferten sin. Nå fryktar ho innleggingar på Stavanger universitetssjukehus.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Eg blir så sint at eg mistar nattesvevnen, og det går på helsa laus. Dessverre har eg ikkje pust til å gå i demonstrasjonstog, seier KOLS-pasient Lillian Solli frå Egersund.

Ho er ei av 170 KOLS-pasientar som i to år har disponert ein KOLS-koffert. Denne har gjort at ho kunne få behandlinga ho trong frå heimen sin.

– Uverdig på gangen

1. mars var det kroken på døra for prøveprosjektet, på grunn av mangel på pengar, samstundes som eit nytt liknande prosjekt startar opp på Sørlandet.

Nå fryktar Solli lange korridoropphald ved Stavanger universitetssjukehus, neste gong ho får lungesvikt. Ho har vore der før, og veit kva ho snakkar om.

– Du ligg der på gangen og får oksygen, medan du er så dårleg at du trur du skal døy. Det er veldig uverdig, fortel ho.

Kåre Aleksandersen

Kåre Aleksandersen frå Eigersund var ein av dei første pasientane som fekk nytta seg av KOLS-kofferten.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Det har vore eit mareritt

Dette kan bli ein realitet for dei fleste KOLS-pasientane i Rogaland, meiner sjukepleiar Gro Ege Tønnesen.

Gro Ege Tønnesen

Gro Ege Tønnesen har vore KOLS-koffert-operatør ved Dalane Distriktsmedisinske Senter, og har hatt dagleg kontakt med pasientane i dei to åra forsøksprosjektet fekk leva.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Ho har vore KOLS-koffert-operatør ved Dalane Distriktsmedisinske Senter, og har hatt dagleg kontakt med pasientane i dei to åra forsøksprosjektet fekk leva.

– Eg trur at mange nå vil trenga innlegging nå, og om me tar oss ein tur i gangen på lungeavdelinga på SUS så vil ein sjå at det er trongt. Erfaringane til fleire av desse pasientane er at dei må ligga på gangen. Tilbakemeldingane me har fått frå mange er at det har vore eit mareritt, seier Ege Tønnesen.

Ho meiner at korridorpasientar ikkje får den same oppfølginga, som dei fekk i KOLS-koffert-prosjektet.

Får same medisinske oppfølging

Avdelingssjef ved medisinsk avdeling på SUS Inger Skjæveland, forsikrar likevel om at korridorpasientar med kols ikkje har det verre enn andre pasientar, som bur på rom på sjukehuset.

– Det er trygt å ligga på gangen, og dei får all den medisinske oppfølginga som dei skal ha, seier Skjæveland.

Ho lover at dei skal gjere det som er mogleg for at KOLS-pasientane skal sleppa å ligga på gangen, men at det ikkje blir lett

At pasientane må ligga på gangen, kjem av pengemangel, seier direktør ved medisinsk divisjon ved SUS, Svein Scheie.

– Eg har forståing for at pasientar som har hatt ein KOLS-koffert heime vil sakna den, og eg forstår at dei kan bli urolege.

Det er verken pengar til vidare drift av heimebehandling eller ledige rom til alle desse pasientane, seier han.

– Nå skal likevel prosjektet bli evaluert, og då skal ein mellom anna sjå på om ein sparar sjukehusinnleggingar med KOLS-kofferten, seier Scheie.

KOLS-pasient Lillian Solli frå Egersund har framleis håp om at ho kan få ha heimebehandling i framtida.

– Eg håper inderleg at det er eit håp, seier ho.