NRK Meny
Normal

– Kommunesamanslåing kan truga språket

Kva skjer når ein nynorskkommune slår seg saman med ein bokmålkommune? Noregs Mållag fryktar at nynorsken tapar.

Noregs Mållag om kommunesamanslåing

KOMMUNESAMANSLÅING: Fem av sju parti på Stortinget vil slå saman kommunar med ulik grad av tvang. Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, meiner det er viktig å diskutera kva som vil skje med nynorsken ved kommunesamanslåing.

Foto: Fotomontasje

I Norge har me 428 kommunar, 110 av desse er nynorskkommunar. Dei har nettsidene sine på nynorsk, dei lagar informasjonsskriv på nynorsk og nynorsk er språket som blir brukt når kommunen sender ut brev.

Når fem av sju parti på Stortinget ønsker seg færre kommunar, tyder mykje på at nynorskkommunar kjem til å slå seg saman med kommunar som er språknøytrale, eller som har bokmål som administrasjonsspråk.

– Ikkje nemnt med eitt ord

– I mange tilfelle vil nynorskbrukarane i ei stor kommunesamanslåingsreform koma i mindretal. Dette er noko som uroar oss, seier Marit Aakre Tennø, som er leiar i Noregs Mållag.

Ho meiner at det derfor er svært viktig at politikarane som argumenterer for kommunesamanslåing, også har ein plan for korleis ein skal bevara eit språkleg mangfald.

Bent Høie Høyre

Bent Høie (H) meiner at språkmangfald ikkje skal bli tatt vare på gjennom kommunestruktur.

Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix

Så langt er ho ikkje imponert.

– Språkproblematikken har ikkje blitt nemnt med eit ord i debatten om kommunesamanslåing. Det kan virka som om ingen har tenkt tanken, seier Aakre Tennø.

– Ein kommune er ikkje først og fremst eit språkområde

Bent Høie er listetopp for Høgre i Rogaland, eitt av fire fylke i landet som har eit fleirtal av nynorskkommunar.

Høie vil ha større kommunar, men meiner at kommunesamanslåing har lite med språkpolitikk å gjera.

– Det viktigaste for kommunane er å gi innbyggarane eit godt teneste tilbod innan skule, helse og kommunal infrastruktur. Ikkje å vera eit språkområde, seier Høie.

– Av alle tynne argument eg har høyrt mot kommunesamanslåing, så er dette det aller tynnaste, held han fram.

Aakre Tennø understrekar at Noregs Mållag verken er for eller mot kommunesamanslåing, men meiner at ein må sjå på kva som kan bli dei språklege konsekvensane av ei samanslåing.

Ho held fram Finland som eit godt døme.

– Dersom ein finskspråkleg kommune skal slåast saman med ein svenskspråkleg kommune i Finland, og dette fører til at det svenskspråklege folket kjem i stort mindretal, fell føresetnaden for kommunesamanslåing bort etter lov. Dette sidan den svensktalande delen si stilling blir svekka, seier ho.

Nynorsk under press

På same måte meiner ho at nynorskbrukarar kan koma i mindretal dersom små nynorskkommunar blir slått saman med store bokmålkommunar.

Mållagsleiaren har gått gjennom kommunekuttet som analyseselskapet NIVI skisserer i ei framstilling av korleis kommunekartet kan sjå ut etter ei omfattande kommunesamanslåing.

Her blir det føreslått å kutta talet på kommunar i Norge frå 428 til 105.

Aakre Tennø har funne fleire døme der det kan slå negativt ut for nynorsken, om ikkje politikarane tar spesielle omsyn til språkmangfald.

Geir Pollestad

Geir Pollestad (Sp) meiner nynorsken vil tapa på kommunesamanslåing.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Til dømes vil Nynorskkommunen Finnøy koma saman med bokmålkommunen Stavanger. I tillegg kjem dei nøytrale kommunane Sola, Randaberg, Rennesøy, Kvitsøy, Sandnes og Gjesdal inn i same storkommune.

På Haugalandet vil Bokn, Vindafjord, Tysvær, Etne og Sveio bli slått saman med bokmålskommunen Haugesund, og dei språknøytrale Karmøy og Utsira.

– Då vil dei 29.034 innbyggjarane som nå har kunna demma opp frå bokmålspresset utanfrå bli ein språkleg minoritet, som må gi etter for presset frå 75.751 bokmålsbrukar, seier Aakre Tennø.

Ho legg til at Sogn og Fjordane og Hordaland er dei einaste fylka, der ein ikkje vil få denne type utfall.

– Her står nynorsken så sterkt uansett, seier ho.

Vil ha språkglede

Sjølv om nynorskbrukarane kan koma i mindretal meiner Bent Høie at staten ikkje bør ta omsyn til dette om kommunar skal slåast saman.

– Me må ta vare på nynorsken på andre måtar enn gjennom kommunestruktur. Me har sett at tvangs- og lovtenking ikkje fører fram i språkpolitikken, derfor må me heller satsa på språkglede og nye verkemiddel.

– Kva slags nye verkemiddel?

– Me i Høgre føreslår til dømes at dei som jobbar i ei offentleg verksemd skal få bruka hovudspråket sitt når dei svarar på brev, same kva målform den som sende brevet har brukt, seier han.

Listetopp for Senterpartiet i Rogaland, Geir Pollestad, seier han godt kan forstå at Noregs Mållag er urolege for kva som vil skje dersom nynorsk kjem i mindretal i storkommunar.

– Det er ingen tvil om at det vil bli vanskelegare å oppretthalda nynorsken, dersom den blir eit minoritetsspråk i større bykommunar, seier Pollestad.

Han seier at dette er i tråd med tanken deira om at det er utkantane og marginale grupper som taper på kommunesamanslåing. Han meiner han har svaret på korleis ein unngår dette.

– Den beste medisinen vil vera å ikkje gå inn for stort for å slå saman kommunar, me veit at utkantane vil tapa på dette noko som også vil svekka nynorsken, eg delar derfor mållaget sin uro, seier han.