Hopp til innhold

Fryktar for liva til Haniel og Nathan

Tewelde Habtom Araya og kona Saba Solomon fryktar barna blir foreldrelause om dei blir sende heim til Etiopia med tvang. Håpet deira er søksmålet mot staten.

Nathan Habtom (t.v) og Haniel Habtom

I ei leilegheit på Dale asylmottak har Haniel Habtom (4) og Nathan Habtom (1) budd saman med mor og far heile livet sitt. Nå ventar dei på å bli kasta ut frå landet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Regnet sildrar ned i jamne straumar frå taket på dei gamle institusjonsbygga mellom fjella på Dale i Sandnes kommune.

I ei av dei mange leilegheitene for utlendingar, bur Tewelde Habtom Araya, saman med kone og to barn. Dei har budd her i fem år nå.

Vil ikkje til Etiopia

Ifølgje norske styresmakter fyller ikkje familien frå Etiopia vilkåra for å få opphald i Norge. Derfor har dei fått beskjed om å reisa frå landet. Ein beskjed dei har vald og ikkje høyra på.

– Me veit ikkje kva som skjer om me reiser ned der. Me kom på grunn av problem med styresmaktene, derfor kan alt skje om me kjem tilbake nå, seier Tewelde.

Han står saman med kona og kikkar på eldste sonen, som er syklar rundt ein konteinar på parkeringsplassen utanfor leilegheita. Sonen, Haniel, kosar seg med sykkelen. Han bryr seg ikkje om regnet.

Tewelde og Saba Solomon har fått to barn etter dei kom til Norge. Den eldste sonen, på fire år, snakkar allereie godt norsk, og kallar Dale asylmottak for heimen sin. Nå er det frykta for barna si framtid som er hovudgrunnen til at familien ikkje vil tilbake til Etiopia.

– Me risikerer at barna blir foreldrelause. Korleis vil det gå med liva deira om dei ikkje har familie? Me kan bli fengsla, torturerte og endåtil drepne i heimlandet vårt. Sidan me ikkje støttar regimet der nede, seier Tewelde.

Saba Solomon og Tewelde Habtom Araya ser på sonen sykla

Saba Solomon (t.v.) og Tewelde Habtom Araya ser på sonen sin, som syklar rundt i regnet på parkeringsplassen på Dale.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Strammar grepet om opposisjonen

Fram til januar i år var det lite den norske stat kunne gjera med at familien på Dale valde å bli. Nå har Norge signert ein returavtale med Etiopia , som gjer at politiet kan koma kor tid som helst å henta dei, for å senda dei av garde.

Det finst rundt 700 andre, som er i same situasjon. Fleire av dei fødde i Norge. Som brørne Nathan (1) og Haniel (4) frå Dale asylmottak, og som Nathan (7) frå Hordaland, som har fått svært mange til å engasjera seg i saka om returavtalen med Etiopia.

Girum Zeleke

Girum Zeleke er statsvitar og jobbar på Universitetet i Stavanger, der han undervisar i sosialt arbeid. Fritida si brukar han på å representera nå 442 etiopiarar som har saksøkt den norske stat.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Men kva er det med Etiopia, som gjer at foreldra ikkje vil ta med barna sine og reisa tilbake?

Girum Zeleke jobbar svært mange timar i døgnet med kampen for å la etiopiarar få asyl i Norge. Resten av timane jobbar han med å undervisa i faget Sosialt arbeid på Universitetet i Stavanger.

– Situasjonen for menneskerettar har blitt forverra i Etiopia. Regimet utøver vald, trugslar, tortur og drap på sitt eige folk. Dette førar til at folk kjem til Norge, folk som fryktar for deira eigne liv, seier Girum Zeleke til NRK.no i universitetskantina.

Sjølv kom Zeleke frå Etiopia i 1986, som politisk flyktning. Han er nå norsk statsborgar. Avhandlinga si i statsvitskap handla om regimet i Etiopia frå 1991 fram til i dag.

Det er dette regimet familien på Dale flykta frå. Ifølgje FN ein etnisk basert regjeringskoalisjon, som sikrar seg eit stadig stramare grep om samfunnet og opposisjonen. Noko som har gjort at landet har fått hard kritikk for brot på menneskerettar.

Dei aller fleste nordmenn støttar menneskerettar, også menneskerettane til asylsøkarar frå Etiopia. Derfor er dei imot at desse blir returnerte til Etiopia med tvang.

Girum Zeleke

Fleire journalistar skal sitja fengsla i landet, med bakgrunn i meiningane deira. Dessutan er Etiopia eit av dei fattigaste landa i verda, og er prega av både indre og ytre konfliktar.

I returavtalen mellom Norge og Etiopia blir det forsikra at etiopiarane skal returnera til heimlandet sitt på ein trygg og verdig måte. Zeleke trur ikkje på dette.

– Det eg ser i Etiopia, og det eg veit om menneskerettane generelt der, tilseier at ein ikkje kan tvinga folk tilbake til dette landet, seier Zeleke.

Les òg:

Nathan får feire 17. mai i Norge | Vil ikke gi asylsøkerforeldre nytt håp | Vil tvangssende Nathan til Etiopia | Ber eget parti snu i asylpolitikk | – Utleveringsavtale vil ramme barna

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kan ha feirt sin siste 17. mai

Det har nærmast regna samanhengane sidan 16. mai, men det er berre glade andlet å sjå på Bjergsted i Stavanger.

Her blir det feira multikulturelt 17. mai, og fleire hundre har møtt opp. Ved Etiopia sitt eige utsal av nasjonalretten Injera, står heile familien til Tewelde.

Eg forstår det engasjementet mange av desse barna vekker. Me må likevel unngå å legga til rette for eit regelverk der barn kan bli eit verkemiddel for å få opphald.

Pål K. Lønseth, statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet

Dette kan vera siste gong dei er med på 17. mai-feiring i Norge. Likevel handlar det om å vera glade i dag, for dette er ein festdag for barna forklarar Tewelde, medan Nathan søv i vogna og Haniel kombinerer iskremeting med dans til musikkinnslaget.

– Det er klart me tenker på det heile tida. Det er problematisk å sova, for me veit at politiet ofte kjem om natta. Men nett nå er me berre glade for at me kan feira den norske nasjonaldagen, noko me håper me kan halda fram med, seier Tewelde.

Han og 441 andre etiopiarar har saksøkt den norske stat, som eit siste håp om at returavtalen kan bli oppheva. Dei ventar framleis på svar frå regjeringsadvokaten.

Haniel Habtom med familien i bakgrunnen

Haniel Habtom veit ikkje at dette kanskje er siste gong han et norsk iskrem på 17. mai. Bak står foreldra Saba Solomon og Tewelde Habtom Araya. I vogna ligg Nathan og søv.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Barn må ikkje bli eit verkemiddel

I dette søksmålet blir det hevda at utleveringsavtalen strir mot utlendingslova.

I Justis- og beredskapsdepartementet er dei av ei anna oppfatning. Det er dei som handsamar avtalen.

Pål K. Lønseth er statssekretær. Han seier at dei både har fått ris og ros etter at avtalen blei signert 26. januar i Addis Abeba. Men i mai har det kanskje vore mest kritikk, i samanheng med Nathan-saka.

– Eg forstår det engasjementet mange av desse barna vekker. Me må likevel unngå å legga til rette for eit regelverk der barn kan bli eit verkemiddel for å få opphald, når familien i utgangspunktet ikkje fyller vilkåra for dette, seier han til NRK.no.

Han meiner at ein slik situasjon kan føra til at foreldra blir returnektarar, at fleire barn hamnar i ein vanskeleg situasjon og at asylordninga blir undergreven.

– Negative vedtak må bli etterlevde, seier han.

Men kritikken har ikkje berre kome frå etiopiarane sjølv. Norge er det einaste landet i Europa som har ein slik avtale med Etiopia, og i eit brev frå FN blir regjeringa bedd om å redegjera for avtalen.

Dette brevet har dei framleis ikkje svart på. Lønseth seier at når brevet blir send, vil det bli offentleggjort. Men dei er allereie på overtid.

– Kva er det me veit om Etiopia, som andre ikkje veit, sidan me som einaste land har ei avtale om tvangsretur til landet?

– Avtalen omfattar både frivillig og tvungen retur av etiopiske borgarar, som ikkje har lovleg opphald i Norge. Avtalen inneber at borgarar av Etiopia kan returnera til heimlandet sitt på ein sikker og verdig måte. Også andre land har uttrykt ønske om ein slik avtale, men så langt ikkje fått det, svarar Lønseth.

I tillegg til dette har utviklingsminister Heikki Holmås, i etterkant av returavtalen, vore i Etiopia og signert ein ny avtale . Denne sikrar ifølgje regjeringa at Norge på ein meir systematisk måte kan trappa opp dialogen om spørsmål knytt til menneskerettar.

Men for Girum Zeleke på UiS er dette inga trøyst.

– Norge har hatt mange avtalar med Etiopia. Den første var i 1995, og sidan den gong har Etiopia brote dei inngådde avtalane fleire gonger. Mellom anna i 2007 då norske diplomatar blei sende ut av Etiopia, nett av den grunn at dei ville ha betre tilhøve for menneskerettar i Etiopia. Så eg trur ikkje at ein ny avtale, om det same emnet, vil bli tatt seriøst av det Etiopiske regimet, seier han.

Han opplever det som om regjeringa ikkje handlar på vegner av det norske folk i denne saka. Noko Lønseth tilbakevisar.

– Eg er av den oppfatninga at me har brei støtte i folket for regjeringa sin politikk.

Saba Solomon og sonen Nathan Habtom

Saba Solomon finn det både keisamt og vanskeleg på Dale asylmottak. Ho har budd der i fem år.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Vanskeleg og keisamt

Tilbake på Dale asylmottak. Dagane går seint her ute. Tidlegare kunne Tewelde og Saba jobba. Det har dei ikkje lenger lov til.

– Det er både vanskeleg og kjedeleg på mottaket. I snart fem år har me vore her, men me har likevel håpet. Eg nektar å tru at me må reise, seier Saba.

Medan familien har budd på Dale asylmottak har det både skjedd drap, og personar har tatt livet av seg. Ikkje dei beste forholda til å oppdra barn i, men Saba gjer sitt beste.

Når barna ikkje er i barnehagen tar ho dei med ut i naturen, som det er meir enn nok av i området. Ho seier at barna, som aldri har vore i Etiopia, har fått sterke band til Norge.

– Eg spurte Haniel ein gong om kor han kom frå. Han svarte han kom frå Dale og Norge. Han forstår ingenting av det som skjer, seier ho.

Kallar det retur

Det er politiet si utlendingseining som plutseleg kan koma for å ta dei med. Dei kan ikkje opplysa om når det vil skje seier kommunikasjonsrådgjevar Linda Hafstad.

– Nyttar de dykk av ordet retur, også når det handlar om barn som aldri har vore i landet dei blir sende til?

– Me nyttar som regel orda utsending, uttransport og retur. Regjeringa sitt rundskriv på dette område nyttar ordet «tvangsretur» når personar må reise med politiet, seier Hafstad.

Tewelde og Saba håper søksmålet mot staten skal redda dei for å ikkje bli sende til Etiopia med tvang.

Dei set sin lit til at venen deira, Girum Zeleke, med hjelp frå advokatar, skal klara å stoppa returavtalen.

– Dersom ein står fast ved å tvangsreturnera etiopiarar som har søkt opphald i Norge på politisk grunnlag, vil det jo sei at ein tvinger dei tilbake til regimet som dei er på flukt frå. Eg har store vanskar med å akseptera at det vil skje, og me skal gjera det me kan for at det ikkje skal skje, seier Zeleke.

Heimen på Dale

Det er i ei av desse leilegheitene Tewelde og Saba bur saman med familien sin.

Foto: Mathias Oppedal / NRK