Fryktar for dei unge i oljenæringa

Forbundssekretær i Fellesforbundet, Jørn Eggum, er uroa for alle unge som mistar jobbane sine i den oljerelaterte industrien.

Om lag seks tusen jobber i oljebransjen har forsvunnet på kort tid. Oljeselskapene, med Statoil i spissen, kutter på vedlikehold og investeringer, og nå frykter fagbevegelsen at bølgen av nedbemanning fortsetter med full styrke.

Om lag seks tusen jobbar i oljebransjen har forsvunne på kort tid. Oljeselskapa, med Statoil i spissen, kuttar på vedlikehald og investeringar, og no fryktar fagrørsla at bølga av nedbemanning held fram med full styrke.

I dag fekk 600 Bilfinger-tilsette varselbrev om oppseiing, og framover vil mange fleire få same melding. I oljenæringa og industri knytt til oljen har det dei siste åra blitt kutta om lag 6000 stillingar.

Jørn Eggum

UROA: Jørn Eggum, forbundsleiar i Fellesforbundet, er uroa for framtida til dei yngste i oljeindustrien.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Jørn Eggum frå Fellesforbundet har snakka med tillitsvalde i Stavanger, og han fryktar at det vil koma fleire store kutt i nær framtid.

– Til no har mellom 1000 og 1500 av Fellesforbundet sine medlemmar mista jobben, og det kan bli mange, mange fleire framover. Det er alvorleg, seier han.

– Dei unge må gå

Og aller mest fryktar han for dei unge i ein bransje der mange nærmar seg pensjonsalder.

– Innanfor spesielt installasjon, stillas og overflate har det dei siste fire åra vore ein massiv opplæring av ungdom i Rogaland og Hordaland for at dei skal få fagbrev. No har me over 50 prosent fagbrevandel i dei bedriftene som me har kontrakt med, seier Eggum.

Statistisk sentralbyrå melde på førre veke om eit fall i oljeinvesteringane på nesten 30 milliardar kroner neste år. Eggum trur at nye kutt kan koma allereie rundt juletider.

– Det er dei yngste som har lågast ansiennitet og det er dei som må gå no, og det er veldig alvorleg for både fylka. Trua ungdomen har på denne bransjen blir svekka no.

– Tek tid å få kompetanse

Eggum seier at gjennomsnittsalderen er veldig høg i enkelte av verksemdene, og at dei eldste skulle ausa av sin kompetanse for å læra opp dei nye som kjem ut i arbeid, slik at dei var i stand til å jobba både effektivt og godt i framtida.

– Den overgangsfasen vil me mista no, då nokre går i pensjon og mange unge ikkje har arbeid før om eitt eller to år. Det tek tid å få kompetanse, og det tek tid å få ordentlege fagarbeidarar til å gjera det dei skal gjera på desse vedlikehaldskontraktane. Kor dei er om to år, det vli berre framtida vise.

Eggum er ikkje i tvil om kven som har ansvaret.

– Det er Statoil. Frå februar fekk me beskjed om at dei skulle redusera vedlikehaldet med 30 prosent, då har bedriftene i leverandørindustrien måtte gjera grep for å stoppa kostnadane sine.

Statoil meiner kutta på norsk sokkel er heilt naudsynte.

Torgrim Reitan

TORGRIM REITAN: Finansdirektør i Statoil.

Foto: Trond Isaksen / Equinor

– Me tek harde tak i Statoil, men også i heile industrien. For meg er dette utruleg viktig for å sikra langsiktig tenking på norsk sokkel, konkurransekraft i Noreg, det er viktig investorane våre og aksjonærverdien vår, og det er viktig for Noreg som samfunn, seier Torgrim Reitan, finansdirektør i Statoil.