Hopp til innhold

Fryktar for øysamfunnets framtid

Innbyggjarane på Halsnøy kjempa for framtida si i kveld. Rådmannen har forslått å leggje ned barnehagen på øya. Det er berre fem ungar der for tida, og med utgifter på 1.5 millionar i året, meiner rådmannen det blir for dyrt.

Folkemøte på Halsnøy i Finnøy

Om lag 50 av dei 140 innbyggjarane på Halsnøy møtte opp på folkemøte i kveld.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Om lag 50 av dei i alt 140 innbyggjarane på Halsnøy i Finnøy kommune møtte opp på folkemøtet i kveld.

I neste års budsjett føreslår rådmannen å leggje ned barnehagen, og det får øyfolket til å reagera. Fleire politikarar var til stades på møte i kveld, men ingen ville gi eit løfte om at barnehagen blir redda.

Anne Skartveit og sonen Tore på folkemøte på Halsnøy

Anne Skartveit og sonen Tore på folkemøte på Halsnøy

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Berit Hopland frå Høgre og Jon Olav Runestad frå Ap ymta derimot frampå at dei vil prøve å behalde barnehagen, men ingen ville lova det sikkert.

– Driftsutgiftene må bli mindre enn 1,5 millionar for at den skulle kunne fortsette. 250 000 kroner per unge per år er for dyrt, sa Jon Olav Runestad.

Det er håp i dei små

Dei 140 innbyggjarane på Halsnøy veit at for å få unge familiar til øya så må dei ha ein barnehage. Skulen forsvann for nokre år sidan, nå er barnehagen det siste halmstrået som står igjen for å behalde folketalet på øya, meiner dei.

Og der er Finnøy-ordføraren einige med dei.

– Utan barnehage, og utan tomter så går det ikkje an å få eit øysamfunn til å leva, sa ordførar Gro Skartveit på møtet.

Møte om barnehage på Halsnøy

Gro Skartveit seier eit øysamfunn er avhengig av ein barnehage, men kan ikkje lova at barnehagen på Halsnøy blir redda.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Likevel vil heller ikkje ho love at drifta av barnehagen vil halde fram.

I dag er det berre fem ungar i barnehagen. Over nyttår kjem det to til, og til hausten kan talet vera oppe i åtte, seier dei mest optimistiske.

Det er der håpet for framtida ligg, meinte dei fleste av dei frammøtte på folkemøtet.

– Byggefeltet kan gjera utslaget

Fleire bustader på øya kunne ha vore ei redning for å trekke til segfamiliar.
Og det er allereie langt på veg eit byggeklart byggefelt på Halsnøy.

Kommunen har lagt inn 3,7 millionar i feltet. Vatn, kloakk og veg er alt klart. Men rådmannen seier nei til å bruka fleire millionar på å gjera det ferdig.

Politikarane lovar ingen ting for å få ferdig byggefeltet. Trass i at innbyggjarane meiner det er rart at kommunen kan kaste bort nærare fire millionar, på noko som dei ikkje vil ferdigstilla.