Klubbleiar Ingard Haugeberg samanliknar det med å styra eit fly frå bakken, utan pilot.
Informasjonsdirektør Olav Fjellså seier det tvert i mot er bra for tryggleiken at delar at styringa skjer frå land.
Han understreker at det meste framleis skal styrast frå plattformen, men at ny teknologi gjer det mogleg å foreta nokre operasjonar frå land.
Opptekne av tryggleiken
Tilsynet har ikkje sett på Valhallsaka spesielt, men seier dei generelt er mest opptekne av tryggleiken på installasjonane.
- Derfor må det og vera mogleg å overta styringa på plattformen om det skulle oppstå ein spesiell situasjon, seier pressetalskvinne Inger Anda i Petroleumstilynet.