NRK Meny
Normal

Fryktar at spekulanter vil kjøpe opp matjord

Stortinget har i dag gått inn for å utvida grensa for kor stor gard du kan kjøpa utan å måtte bu der. Unge bønder fryktar at det vil gjera det vanskelegare for dei å satse.

Ingve Berntsen

Ingve Berntsen lev ut draumen sin som bonde. Han har satsa stort, men fryktar at endringane i konsesjonslova kan gjera det vanskeleg for andre unge bønder å gjera det same.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Kven er eg som bonde til å stille i prismessige konkurranse med ein som har ei milliardformue. Det er umogleg, seier bonde Ingve Berntsen.

Han lev ut draumen som bonde, og har investert millionar i familiegarden i Hå på Jæren. Men no fryktar han det blir vanskelegare for unge bønder å satse på jordbruk.

Har utvida grensene

Årsaka er at Stortinget i dag har gått inn for å utvida grensa for kor stor gard du kan kjøpe utan å måtte bu der. Alt under 35 mål dyrka mark kan no kjøpast som fritidseigedom, tidlegare var grensa 25 mål.

Styresmaktene skal heller ikkje kunne overprøve sal av gardseigedommar, når prisen er på under 3,5 millionar. Tidlegare har grensa vore 2,5 millionar.

– Mi største frykt er at aktørar som ikkje har noko med landbruk å gjera, kjem inn og kjøper opp jord. Me har fleire dømer frå regionen på at det er folk med store formuar som kjøper opp gardsbruk og tilleggsjord. Men som berre leiger ut jorda til andre aktørar, seier Berntsen.

Ei gåve til dei unge

Landbruksminister Jon Georg Dale

Landbruksminister, Jon Georg Dale, meiner endringane er ei gåvepakke til dei unge.

Foto: Mads Nygård / NRK

Landbruksministeren er ikkje samd. Han ser på endringane i konsesjonslova som ei gåvepakke til dei unge.

– Eg meiner det er eit større sannsyn for at det aukar moglegheitene for norske ungdomar, enn at det skyver folk ut. Og eg har vore oppteken av rekruttering, og dette forslaget er viktig i så måte, seier landbruksminister Jon Georg Dale.

– Byrjinga på eit frislepp

Men hos opposisjonen får bonden i Hå støtte. Senterpartiet fryktar at dette berre er byrjinga på eit større frislepp av konsesjonslov og priskontroll.

– Det som uroar meg er at fleirtalet på Stortinget har bestilt unntaksavgjersler som er ganske vide, store som låvedører. Noko som gjer at det i framtida eigentleg vil vera fritt fram å kjøpa gardsbruk til den prisen ein måtte ynskje, dersom det går gjennom, seier stortingsrepresentant i Senterpartiet, Geir Pollestad.

Flere nyheter fra Rogaland