Hopp til innhold

Rusmiljøa har klart seg: – Frykta krise i mars

Rusmiddelavhengige er sårbare for smitte og overdosar, men det har foreløpig gått mykje betre enn venta. Tillit og ansvar kan ha vore nøkkelen.

Eivin Dahl viser fram ei Buvidal-sprøyte.

MEIR FRIDOM: Eivin Dahl ved LAR i Stavanger viser fram ei Buvidal-sprøyte. Det er ein gelé som blir sprøyta inn i feittvevet, og gir brukarane meir fridom.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Med lite narkotika på gata, og ein kvardag som ikkje gjer det lett å praktisere smittevern, er 2020 eit ekstra tøft år for rusmiddelavhengige.

– Det me frykta, var at dette skulle ta livet av veldig mange, seier Eivin Dahl.

Han er erfaringskonsulent hos LAR (Legemiddelassistert rehabilitering) i Stavanger. Dahl har sjølv vore i rusmiljøet tidlegare, og var redd for at våren kunne bli stygg.

Men, trass dårlege føresetnader, har denne utsette samfunnsgruppa klart seg ganske godt. Stenginga av samfunnet og spreiing av koronaviruset har ikkje resultert i høge dødstal i rusmiljøa.

– Det er alltid overdosar, men har det ikkje gått slik me frykta, seier Eivin Dahl.

Ikkje vesentleg endring

– Kartleggingar Helsedirektoratet har gjort gjennom heile pandemien, frå kommunane på landsbasis, viser at det ikkje har vore ei vesentleg endring i overdosefrekvensen, fortel Christian Ohldieck.

Ohldieck er seniorrådgivar i Helsedirektoratet, og har leia arbeidet med å lage rettleiar for LAR under Covid-19 pandemien.

– Mange stader i landet blei drifta av LAR raskt lagt om for å redusera smitterisiko. Inntrykket vårt er at mange pasientar i LAR er meir tilfredse med desse omleggingane, seier han.

Christian Ohldieck

PSYKISK HELSE: Christian Ohldieck fortel at einsemd og mindre kontakt med hjelpeapparatet nok har vore dei største utfordringane for ein del rusmiddelavhengige dei siste månadane.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Overraskande å sjå

Leiar for Senter for rus -og avhengighetsforskning, Thomas Clausen, kan stadfeste det same.

– Det kan sjå ut som at tenesteapparata har greidd å tilpassa seg, og at ikkje minst brukarane har vore med på den nasjonale dugnaden, seier han.

Clausen peikar òg på at ein årsak kan vere mindre rusmiddel i omløp.

Rusforsker Thomas Clausen

FRYKTA DET VERSTE: – I mars var me bekymra for at det skulle bli krise i rusmiljøa, og at tenestetilbodet skulle bli sterkt påverka, seier SERAF-leiar Thomas Clausen.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

– På et vis var det litt overraskande å sjå, men mange måtte legga litt om på den kvardagen dei har hatt, og det har nok rusbrukarane òg gjort, seier Clausen.

Men det er vanskeleg å feire, for det er mange dødsfall i rusmiljøa. Tala til Helsedirektoratet viser at 2020 ligg an til å hamne rundt gjennomsnittet i overdosar.

– I Noreg er det jo dessverre mellom 20 og 25 overdosedødsfall i månaden, og me må forvente at det har vore nokre også denne våren, seier Thomas Clausen.

Vil bruke meir tillit i behandlinga

LAR-behandlar Tone Egelandsdal og erfaringskonsulent Eivind Dahl i LAR Helse Stavanger.

VIL VIDAREFØRE TILTAK: LAR-behandlar Tone Egelandsdal og erfaringskonsulent Eivin Dahl har dagar etter ferien. Men smitteverntiltaka har gitt positive resultat i arbeidet deira.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Ingen i LAR tør puste letta ut endå. Men det er tydeleg at dei er stolte av brukarane. Smitteverntiltaka har kravd tillit, og det har gått over all forventning.

– Dei klarer å handtere dette sjølv. Me ser at dei kjenner seg sett og møtt, fortel Eivin Dahl.

Mellom anna er det ingen som står å ser på når ein brukar tek urinprøve. Det ønsker Dahl og LAR Helse Stavanger å fortsette med, sjølv etter at koronasmitte ikkje lenger er ein risiko.

– Skal me fortsetje med urinprøver, synest eg folk kan få lov å gå inn å tisse i den skåla aleine, sånn som alle andre i dette landet, slår han fast.