Hopp til innhold

Frp vil tilby gratis gründerhjelp i Rogaland

Framstegspartiet i Rogaland vil tilby gründerane i fylket gratis oppstartshjelp. Partiet meiner at økonomiavdelinga i fylkeskommunen har ledig kapasitet, og at dei også kan bli kontoret for gründerhjelp i Rogaland.

Økonomisjef Øyvind Langeland, Rogaland fylkeskommune

Økonomisjefen i Rogaland fylkeskommune, meiner ikkje at dei tilsette har for lite å gjera.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Sist veke fekk fylkestingsgruppa til Frp i Rogaland presentert budsjettforslaget for 2018 frå fylkesrådmannen.

– På spørsmål om det var råd å frigi ressursar og utnytte dei, så blei det stadfesta av fylkesrådmannen. Det er desse ressursane som Frp vil bruke til å hjelpe gründerbedrifter, seier Mats Danielsen i Frp.

Mats Danielsen, ungdomskandidat for Frp i Rogaland til fylkestinget

Mats Danielsen er fylkespolitikar for Frp i Rogaland og vil bruke ledig kapasitet i fylkesadministrasjonen til å hjelpe oppstartsfirma.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Det fine med dette – etter Danielsen sitt syn – er at det ikkje vil kosta skattebetalarane noko, Samstundes får gründerane hjelp til å starte eit aksjeselskap, eller å rapportera innfløkte ting til styresmaktene.

– Det får konsekvensar dersom innrapportering til for eksempel skattevesenet blir gjort feil. Økonomiavdelinga kan dette, så kan heller nystarta selskap fokusere på å utvikla forretningsidéen sin, seier Danielsen.

Ingen støtte hos rutinert gründer

– Det vanskelege er ikkje å starta opp eit selskap. Det vanskelege er å driva selskapet, seier Sigbjørn Groven, som er marknadssjef i Futurehome.

Selskapet han er medeigar i starta i Stavanger for fem år sidan. Dei tilbyr ei digital løysing til å styre lys, varme og overvaking av bustaden til folk.

Marknadssjef i gründerselskap med kontorfellesskap i bakgrunnen

Marknadssjef Sigbjørn Groven i gründerselskapet Futurehome har lite til overs for Frp sin idé.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Dei var fire kameratar i starten. Nå er dei 16 tilsette og reknar med å omsetje for 16–18 millionar kroner dette året.

Groven meiner det er ein test på om selskapet er liv laga, at grunnleggjarane er i stand til å etablera det.

– Det er ikkje ei stor påkjenning og det finst god og gratis hjelp både hos Innovasjon Norge og hos for eksempel banken din. I tillegg er det gode råd og vink på nett, seier marknadssjefen.

Skjær i sjøen

– Det er ei misforståing dersom Framstegspartiet trur at eg har fleire medarbeidarar som ikkje har noko å gjera, seier økonomisjef i Rogaland fylkeskommune, Øyvind Langeland.

Han meiner tvert om at organisasjonen hans er både slank og effektiv slik den er nå. I tillegg peikar han på at det alt eksisterer eit tilbod til gründerane i fylkeskommunen.

– Det heiter Skape.no, som er eit partnarskap mellom kommunane, Innovasjon Norge og fylkeskommunen, seier Langeland.

Vil ha med fleire

Danielsen i Frp held likevel på sitt og meiner at her kan fylkeskommunale byråkratar hjelpa lokale gründarar i møte med anna offentleg byråkrati.

– Me vil ta kontakt med andre parti i fylket og prøve å samla støtte til budsjettforslaget vårt, seier han.

Då må han også ta med seg følgjande breiside frå gründer og marknadssjef i Futurehome, Sigbjørn Groven:

– Eg trur ikkje det eksisterer ein karakterskala som kan fange opp dette forslaget. Herfrå blir det i alle fall null poeng, seier han.