Hopp til innhold

Må kutte el-avgifta

Regjeringa må kutte i el-avgifta.  Det krev stortingsrepresentant Ketil Solvik-Olsen frå Frp. Lyse Energi trur på 20 prosent prisauke på straum i vinter.

Ketil Solvik-Olsen, Frp
Foto: Scanpix

- Prisen på straum er allereide omlag 50 prosent høgare enn på same tid i fjor. Og når det kjem minst 20 prosent auke i tillegg til hausten og vinteren, så er det for dyrt for folk, seier Ketil Solvik-Olsen, stortingsrepresentant frå Frp i Rogaland.

Høg oljepris

Det er ein kombinasjon av høg oljepris, usikkerhet omkring kva krigen i Midt-Austen kan føra til og lite vatn i magasina på Vestlandet, som er årsaka til at Lyse Energi ser for seg prisauke på straum til vinteren.   Nå for tida ligg prisen rett under 50 øre pr. kilowatt-time.  Med 20 prosent auke betyr det omlag 2000 kroner i året i auka straumpris for ein gjennomsnittsfamilie.

Tredobling av straumprisen

Andre ekspertar har spådd tredobling av straumprisen, dersom alle element slår negativt ut.  På denne bakgrunn vil Solvik-Olsen ha ned el-avgifta.  Men han meiner også at reduksjon i momsen på straum kan vera eit verkemiddel for å få ned prisen for folk flest.

Meir fart på gasskraftverk

Dersom dei planlagte gasskraftverka må utvikla ein null-utslepp-metode for CO-2, så blir dei forseinka, seier Solvik-Olsen. Han vil derfor ha vekk dette kravet.  Då kan gasskraftverka stå klar til produksjon av straum, fem til seks år tidlegare, seier han.

.