Hopp til innhold

Frp vil ha stemmane til dei yngste

Neste år skal Stavanger og 19 andre kommunar i landet ha ei prøveordning der 16- og 17-åringar får stemma ved kommunevalet. Framstegspartiet trur dei veit korleis dei skal få desse stemmane.

Mats Danielsen

Mats Danielsen, nyvald leiar i FpU i Stavanger, trur han veit korleis han skal få dei yngste til valurnene.

Foto: Privat

Framstegspartiet i Stavanger har alt strategien klar for korleis dei skal kapra dei nye 16 og 17 åringane, som får stemmerett til neste valg. Det fortel nyvald leiar i FpU i Stavanger, Mats Danielsen:

– Me vil ha fritidsklubbar opne kvar fredag og laurdag i bydelane, me vil at ungdomskortet for buss skal kunna bli brukt døgnet rundt, og me vil ha fleire konsertar for personar under 18 år.

Frp har vore i kontakt med skulane i Stavanger for å kunna koma å informera elevane om kor viktig det er å stilla opp under valet.

– Det er ikkje reint få som er i denne aldersgruppa, så det er svært viktige stemmer, seier Danielsen til NRK.no.